Hopp til innhold
X
Innhald

Pål Sundvor

Pål Sundvor (1920–1992, Fusa) var journalist og forfattar. Han debuterte med barneboka Ola frå garden i 1947, og gav deretter ut eit drygt titals romanar og fleire skodespel. Han fekk Melsomprisen for Den mørke plogen (1977) og Sunnmørsprisen for Fangen er fri

Han gav også ut diktsamlinga Loffarens vise (1962). Sundvor var ein av dei som forstod høyrespelsjangeren og fekk oppført ei rekkje stykke i NRK, mellom dei Skredenatt (1988).


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 15.10.2018
Sist oppdatert: 15.10.2018