Hopp til innhold
X
Innhald

Per Sandal

Per Sandal, historikar, forskar og forfattar. Han har gitt viktige bidrag til å utvikle lokalhistorie som fag i Noreg i 1980- og 90-åra.

Per Sandal var fødd 22. mai 1942 i Breim i Gloppen og døydde i Sogndal 23. april 2005. Han tok utdanning som cand.philol. ved Universitetet i Oslo, med hovudfag i historie i 1972 og arbeidde frå 1982 som førsteamanuensis ved Distriktshøgskulen i Sogndal (seinare Høgskulen i Sogn og Fjordane).
Sandal synte tidleg interesse for lokalhistorie. I hovudfagsoppgåva tok han for seg økonomisk og sosial struktur i heimbygda Breim i perioden 1865–1910. I midten av 1970-åra gjekk han så laus på oppgåva med å skrive bygdeboka for Gloppen og Breim. Ho kom ut i til saman fem bind i tida 1978–2001 og blir rekna som eit føredøme i lokalhistoriesjangeren. Sandal fekk i 2003 Gloppen kommune sin kulturpris for verket.
Sandal spela ei sentral rolle i arbeidet med å byggje opp eit eige studium innanfor lokalhistorie i Sogndal frå 1970-åra og utover. Han skreiv fleire lærebøker, mellom anna Ættegransking (1980), Lokalhistorie (1983) og På leit etter slekta (1991), og han underviste sjølv i faget. Sandal la stor vekt på å verdsetje folkeleg historieengasjement, og å gi amatørforskarar påfyll med faghistorisk kunnskap og metode. I 1982–91 var han styremedlem i Landslaget for lokalhistorie.
Kjelder
«Per Sandal», NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon, publisert 18.09.2006, http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/5775567.html [lesedato 19.04.2010]
Peikarar

Først publisert: 28.05.2010
Sist oppdatert: 01.08.2018