Hopp til innhold
Per Sandberg. Foto: Alexander Helberg, Framstegspartiet, Flickr.com  CC BY-NC-ND 3.
Per Sandberg. Foto: Alexander Helberg, Framstegspartiet, Flickr.com CC BY-NC-ND 3.
X
Innhald

Per Sandberg

Per Sandberg, prosessoperatør, profilert og kontroversiell stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Trøndelag i fem periodar, frå 1997 til 2017. Frå desember 2015 til august 2018 var han fiskeriminister.

Per Sandberg er fødd 6. februar 1960 i Levanger i Nord-Trøndelag. Etter grunnskulen arbeidde han først i ingeniørvesenet i heimkommunen, så tok han kurs i hotell- og restaurantfag medan han arbeidde ved Ustaoset Høyfjellshotell i 1977–80, og han var bildekkbyggjar i Viking Askim AS i 1980–81.

Sandberg tok grunnkurs i tekniske fag i 1982–83, fagkurs i papirproduksjon i 1983–84 og prosesstyringskurs i 1985–86. Ha fekk fagbrev som prosessoperatør i 1988. Frå 1982 til 1997 arbeidde han som prosessoperatør ved Norske Skogs papirfabrikk i Skogn, og i 1986 tenestegjorde han i FN-styrkane i Libanon. Frå 1997 har han vore stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Trøndelag. Han blei fiskeriminister i Erna Solbergs regjering i desember 2015. Frå 5. mars til 2. juli 2017 fungerte Per Sandberg som innvandrings- og integreringsminister medan Sylvi Listhaug hadde foreldrepermisjon. Frå 20. mars til 4. april 2018 var han fungerande justis-, innvandrings- og beredskapsminister etter at den same statsråden trakk seg frå regjeringa etter at ein samla opposisjon signerte at dei kunne stø eit mistillitsforslag mot ho i Stortinget.

Fire månader seinare gjekk Sandberg sjølv av som statsråd. Han trakk seg etter press frå fleire medium, opposisjonspartia og offentleg kritikk frå stortingsrepresentantar i eige parti. Sandberg hadde i mai og juli 2018 reist til Kina og Iran, utan å følgje tryggingsreglementet til regjeringa. 

Sandberg var først medlem av styret for Levanger Framstegsparti i 1987–88 og leiar i 1990–92. Han var varamedlem i kommunestyret i 1987–89 og 1999–2003, og hadde fast plass i 1989–91 og 2003–2005. Han var nestleiar i Nord-Trøndelag FrP i 1992–94 og fylkessekretær i 1994–95. Han var medlem av fylkestinget i Nord-Trøndelag i 1995–97, varamedlem i landsstyret og sentralstyret i Framstegspartiet i 1997–2000 og medlem i begge desse styra i 2000–05. Frå 2006 til  han sjølv trakk seg 13.8.2018 var han 1. nestleiar i FrP.

Han har fem periodar som stortingsrepresentant: i 1997–2005 for Nord-Trøndelag og i 2005–17 for Sør-Trøndelag. Først var han medlem av familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, deretter kommunalkomiteen, leiar av transport- og kommunikasjonskomiteen, leiar av justiskomiteen og så medlem av utanriks- og forsvarskomiteen. Frå 2005 til 2015 var Sandberg parlamentarisk nestleiar for FrP.

Som politikar har han vore frittalande og uortodoks, talerør for grasrota i partiet og har ope kritisert regjeringa. Sandberg vil leggje ned fylkeskommunane, ha lukka asylmottak, byggje meir veg og er imot bompengar. Han er skeptisk til ikkje-vestleg innvandring, fundamentalistisk islam og FNs klimapanel.

Sandberg har hatt fleire administrative verv og tillitsverv. Han var tillitsvald i Fellesforbundet avd. 461 i 1988–89, medlem av hovudutvalet for undervisning i Levanger i 1991–95, medlem av kontrollutvalet i Nord-Trøndelag i 1995–97, medlem av skatteutvalet i Levanger i 1995–99 og medlem av Distriktskommisjonen i 2003.

I 2013 gav han ut sjølvbiografien Mot min vilje. Han fekk Mannsprisen i 2014.

Kjelder

Per Sandberg, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=PES [lesedato 15.12.2015]

«Per Sandberg», snl.no: https://snl.no/Per_Sandberg [lesedato 15.12.2015]

Pressemelding frå Statsministerens kontor 13.8.2018: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/offisielt-fra-statsrad-13.-august-2018/id2608198/[lesedato 13.8.2018]

Peikarar

«Sandberg kan bli fiskeriminister», nrk.no

«Frp-kilder: – Vil heller ha Sandberg på Stortinget enn i regjering», nrk.no

«Sentrum håper statsrådspost temmer Sandberg», nrk.no

«Per Sandberg vil stenge grensene», nrk.no

«Per Sandbergs reise til Iran», artikkelsamling, nrk.no, august 2018

Først publisert: 17.12.2015
Sist oppdatert: 13.08.2018