Faktaboks

Per Sivle
Fødd
6. april 1857, Flåm, Sogn og Fjordane
Død
6. september 1904, Christiania (no Oslo)
Verke
Forfattar
Familie

Foreldre: Hestehandlar og gardbrukar Eirik Hansson Sivle (1825–98) og Susanna Andersdotter Ryum (1821–59).

Gift 1.8.1887 med Wenche von der Lippe Nilsen (30.12.1856–21.10.1932), dotter til seglmakar og skipsreiar Randolph Nilsen (1826–1909) og Wenche Elisabeth Mowinckel (1830–1905).

Tremenning til Sjur Helgeland (1858–1924).

Per Sivle

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Per Sivle

Teikning 1974. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Per Sivle
Av /BONO, NTB Scanpix ※.

Per Sivle var forfattar. Han var ein omstridd og folkekjær lyrikar, humorist, prosaist og avisredaktør, som mellom anna skreiv diktet «Den fyrste songen».

Per Sivle var fødd i Flåm. Mor hans døydde hausten 1859, og Per Sivle voks difor opp i tre ulike fosterheimar, det meste av tida hos familien Brekke på Brekke-garden ved Stalheim.

Frå 1872 gjekk Sivle to år på Jakob Sverdrups folkehøgskule i Sogndal, før han drog til Kristiania for å kvalifisere seg til gymnaset og eventuelle universitetsstudium. Sivle var skuleflink, men helseproblem gjorde at han måtte gi opp skulegangen utan å ha teke artium. Han livnærte seg seinare som forfattar og avisredaktør. Han var redaktør av Buskeruds Amtstidende (1883–84) og Kristianiaposten 1887–1891 og gav i alt ut 15 bøker i ymse sjangrar.

Sivle gifta seg 1. august 1887 med bergensjenta Wenche von der Lippe Nilsen. Saman fekk dei dottera Sussi. Ekteskapet varte livet ut, trass i at ektefellane budde åtskilde i seks år, i samband med at Per Sivle ikkje var i stand til å forsørgje familien sin.

Sivle tok sitt eige liv 6. september 1904 på Kristiania Bad i Pipervika.

Forfattarskapen

Forfattarskapen til Sivle er liten, men påfallande mangfaldig, både tematisk, kvalitativt og når det gjeld sjangrar. Han bokdebuterte i 1878 som inderleg pietistisk diktar med det psevdonymt utgitte langdiktet En Digters Drøm, i polemikk mot Gunnar Heiberg. Og han følgde opp året etter med den sterkt religiøse diktsamlinga Digte. Alt i november 1877 hadde han under signaturen S. fått diktet «Dan fyrste songen» på trykk i Fedraheimen.

Nasjonalt gjennombrot

I andre halvdelen av 1890-åra fekk han eit nasjonalt gjennombrot som lyrikar, med fem sterke diktsamlingar. Sivle skreiv då mobiliserande agitasjonsdikt for nasjonalt sjølvstende og såre personlege dikt om vonbrot og dødslengt om einannan. Han skreiv både på riksmål og landsmål. Mellom dei mest kjende nasjonale dikta er «Vi vil os et land», «Tord Foleson» og «Svolder».

Novellesamlinga Sogor

Den einskildboka som litterært sett står sterkast i dag, er novellesamlinga Sogor, frå 1887, som inneheld levande klassikarar som «Berre ein Hund» og «Fanta-Nils». Novellene handlar om brytingar og konfliktar mellom barneverda og vaksenverda, og dei er skrivne frå ein forteljarposisjon som verken ligg hos barnet eller hos den vaksne. Sivle tenkte ikkje sjølv på tekstane som barnelitteratur, men mellom anna på grunn av Nordahl Rolfsens lærebøker vert desse novellene i dag rekna som eit vendepunkt i norsk barnelitteraturhistorie og gjennombrotet for ein meir direkte og realistisk barnelitteratur.

Romanen Streik

Sivle gav dessutan ut éin roman, Streik, basert på ein reell sagbruksstreik i Drammen i 1881. Romanen fekk hard medfart i samtida, og Sivle tok sjølv avstand frå han. Men i ettertid er boka vorten kanonisert, og i dag vert ho i fleire norske litteraturhistorier rekna som den første norske arbeidarromanen. I 1970-åra vart romanen utgitt på nytt tre gonger, på Eide Forlag jamvel i klassikarserien «Store norske romaner».

Romanen fortener verken den brutale avvisinga han fekk i 1890-åra, eller den panegyriske kanonseringa i 1970-åra. Det er mange friske tilløp i romanen, han er karnevalistisk og grotesk, effektivt fortald og prega av ein svart, folkeleg humor, men mykje ved han verkar uferdig og halvvegs. Kanskje mangla Sivle den sjølvdisiplinen og arbeidskrafta som ein gjennomarbeidd roman føreset.

Humoristiske forteljingar

Sivle utvikla sjangeren «vossa-stubbar», små burleske humoreskar, dels baserte på munnleg traderte forteljingar frå heimtraktene, dels som eigne kunstprodukt. Ivar Aasen meinte Sivle fortente livsvarig diktarløn, om han så ikkje skreiv ei einaste linje utover den første samlinga med vossa-stubbar. Stubbane var ei sjangermessig nyvinning i norsk litteratur og sette standard for ein ny litterær tradisjon, som vi kan følgje frå Sivles samtidige Hans Seland til Jon Hellesnes sine filosofiske stubbar i vår tid.

Skodespel

Sivle skreiv òg eitt skodespel, Svolder, som han verken fekk sett opp eller utgitt, men som Severin Eskeland seinare omsette frå riksmål til landsmål og tok med i den posthumt utgitte Skrifter. Sivle gav ut éi sakprosabok, foredraget «Nationalt Selvmord», som han turnerte landet rundt med i midten av 1890-åra.

Journalistisk arbeid

Sivle var redaktør for to aviser, den regionale venstreavisa Buskeruds Amtstidende i 1883–84 og den nasjonale og politisk viktige Kristianiaposten frå 1887 til 1891. Redaktørtida i Buskeruds Amtstidende fall saman med klimakset i den politiske kampen for parlamentarisme, og avisa fungerte som eit mobiliserande organ for tilhengjarane av parlamentarismen. Sivle brukte her sine evner som polemikar og lyrikar i teneste for demokratiet.

Mykje vanskelegare var perioden i Kristianiaposten. Sivle vart tilsett idet venstrepartiet heldt på å rakne i ein moderat og ein radikal fraksjon, og Sivle vart ein reiskap for den moderate fraksjonen i partiet. Han freista rett nok den første tida å samle og forsone fraksjonane, men enda snart som ein prinsippfast forsvarar av dei moderate, i bitre ordskifte med radikale skribentar. Særleg la Sivle seg ut med Verdens Gang-redaktøren Olav Thommessen. Arne Garborg gav i 1888 ut niddramaet Uforsonlige, mellom anna for å hengje ut Sivle sin innsats i Kristianiaposten.

Personleg opplevde Per Sivle mykje motgang. Han var helsesvak og alkoholisert, og han var kommersielt mislukka som forfattar. Litterært var han som lyrikar i utakt med dei hegemoniske tendensane innanfor kritikken. Politisk var han desto viktigare. Mange av dei nasjonale dikta hans vart publiserte med store oppslag i Dagbladet og Verdens Gang, og Sivle var openbert ein av dei viktigaste litterære aktørane for å mobilisere folk til kravet om oppløysing av unionen med Sverige. Sivle døydde knappe ni månader før unionen vart oppløyst.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Birkeland, Bjarte, red. (1974): Sivle frå Voss. Oslo: Det Norske Samlaget
  • Birkeland, Bjarte (1961): Per Sivle. Oslo: Det Norske Samlaget
  • Fidjestøl, Alfred (2007): Eit halvt liv : ein biografi om Per Sivle. Oslo: Det Norske Samlaget
  • Hovden, Anders (2000, ny utg.): Per Sivle: ei livssoge. Oslo: Det Norske Samlaget

Faktaboks

Per Sivle
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037106001633

Kommentarar (1)

skreiv Egil Arnt Gundersen

Våren 2011 ble det av Køppen Forlag/Sivle-laget utgitt en "Sivle-songbok" med 30 tekster av Per Sivle. Kjente og mindre kjente viser og flere av dem tonesatt for første gang. Boken har besifrede melodinoter og vil egne seg godt f.eks. til allsang.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg