Hopp til innhold
X
Innhald

Per Størmer

Per Størmer, 1907–91, var botanikar og professor i systematisk botanikk ved Universitetet i Oslo i åra 1969–77 og styrar av Botanisk museum. Størmer har mellom anna arbeidd med utbreiinga og økologien til moseartane i Noreg. Vidare skreiv han fleire plantesosiologiske avhandlingar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2013
Sist oppdatert: 28.11.2013