Faktaboks

Percy Bysshe Shelley
Uttale
ʃˈeli
Fødd
4. august 1792, Warnham i Sussex, England
Død
8. juli 1822, Italia

Percy Bysshe Shelley

.
Lisens: fri

Percy Bysshe Shelley var ein engelsk diktar. Han var sentral i den andre generasjonen av engelske romantikarar tidleg på 1800-talet og kjend for sin typisk romantiske livsstil.

Til liks med samtidige poetar som John Keats og Lord Byron hadde Shelley eit brennande politisk engasjement, som gjennomsyrer mykje av lyrikken hans. Shelley hadde frå sin tidlegaste ungdom «ein lidenskap for å reformere verda», og var sterkt påverka av anarkisten William Godwin sine idear. Godwin sine grunnsetningar kling òg igjen i hans første større dikt, Queen Mab (1813).

Liv og virke

Oppvekst og tidleg liv

Percy Bysshe Shelley var fødd i Warnham i Sussex, Storbritannia og døydde i Italia. Shelley voks opp på familieeigedomen Field Place nær Horsham i Sussex, som arving til både formuen og adelstittelen til bestefaren. I skuleåra ved Eton studerte han naturvitskap og filosofane frå opplysningstida. Han hadde ingen gode erfaringar med skulevesenet: Både på Syon House Academy (1802–1804) og Eton vart han mobba og utsett for vald av dei andre elevane. Han kom til å sjå på erfaringane sine herifrå som symptomatiske for det engelske samfunnet, der dei rike og sterke uhindra kunne utnytte dei som var svakare.

I 1810 fekk den unge Shelley publisert dei første verka sine, den gotiske romanen Zastrozzi og to mindre diktsamlingar. Allereie i Oxford hadde forfattarskapen hans vorte sterkt politisk farga, og han beundra sterkt den liberale tenkjaren William Godwin. I 1811 vart han utvist frå Universitetet i Oxford på grunn av ein pamflett, The Necessity of Atheism, som han sende rundt til professorar og biskopar. Utkastinga frå Oxford og giftarmålet hans med 16-åringen Harriet Westbrook hausten 1811 gjorde at faren stoppa pengeoverføringane til son sin.

Åra etter Oxford levde Shelley eit rastlaust liv på reisefot i heimlandet, ofte i pengetrøbbel og i krangel med faren. Då Shelley forelska seg i William Godwin si dotter Mary Wollstonecraft Godwin i 1814, rømde dei to saman til Sveits. Der trefte han George Gordon Byron, som han fekk eit varm vennskap med. Etter at den fyrste kona til Shelley hadde teke sitt eige liv, vende Shelley tilbake til England og gifta seg med Mary.

Aktivisme

Våren 1812 var Shelley sju veker i Dublin, der han dreiv kampanje for å eggje irane til kamp for sjølvstende frå Storbritannia. Han publiserte polemiske skrift og tiltrekte seg merksemda til styresmaktene i heimlandet. Sidan flytte han til Devon, der han mellom anna skreiv «A Letter to Lord Ellenborough», til forsvar for trykkjefridomen, og den satiriske balladen «A Devil's Walk», eit kvast angrep på «den hjernelause» kong Georg 3. og son hans, prinsregenten. Samstundes skreiv han på Queen Mab (1813), som vart det første store poesiverket hans. Også dette verket eggja til politisk reform.

Dei neste åra modna poeten Shelley, og dei romantiske kjerneemna som døden og individet vart viktigare. Dette vart særleg aktualiserte av sjølvmorda til den første kona og til svigersystera Fanny, i tillegg til hans eiga dårlege helse. Han skreiv dikt som «Mont Blanc», «Hymn to Intellectual Beauty» og «Ozymandias», som har eit meir romantisk og abstrakt innhald enn dei politiske dikta. Samstundes heldt han fram med å skrive polemiske skrift så lenge han budde i England.

Tida i Italia

I 1818 forlet han Storbritannia for godt, forsura av at dei britiske domstolane hadde frådømt han farsretten til dei to barna hans. Shelley, kona Mary og borna deira, svigerinna Claire og dotter hennar, Allegra, reiste alle til Italia i 1818, motiverte av Shelley si dårlege helse, avsmaken hans for England og at Allegra skulle få sjå far sin, Lord Byron.

Dei første åra utanlands vart slitsame og sorgfulle. Dei flytta minst 17 gonger og begge dei små borna til Shelley døydde av sjukdom. Likevel var det i løpet av dei fire åra hans i Italia at Shelley skapte sine største verk. Sorga og håpløysa kjem til syne i mange av Shelley sine mest kjende dikt, til dømes i «Stanzas Written in Dejection, near Naples», «Sonnet: 'Lift not the painted veil ...'» og «Lines Written Among the Euganean Hills», og dessutan det elegiske «Adonaïs».

Frå 1820 budde Shelley dels i Venezia, der han igjen trefte Byron, dels i Pisa og ved Speziabukta. Politiske idear heldt fram med å gjennomstrøyme den romantiske diktinga hans. I juli 1822 drukna han saman med ein venn på ein segltur i Speziabukta. Lika dreiv sidan i land, og vart brunne på strandbredda i nærvær av Byron og eit par andre venner. Shelley si urne står på den protestantiske kyrkjegarden i Roma.

Livsstil og idealisme

Shelley sine verdiar og personlege val var svært radikale for si tid og var medverkande til at han aldri vart særleg kjend i si eiga levetid. Han argumenterte ofte for fri kjærleik og praktiserte polygami i fleire periodar. Frå 1812 var han vegetarianar, noko han argumenterte for fleire gonger, mellom anna i «A Vindication of Natural Diet» frå 1813. Med sin bohemliknande livsstil i Italia vert han ofte sett i samanheng med Byron og Keats, altså som ein av dei arketypiske engelske romantikarane.

Politisk var Shelley svært liberal og kjempa for utjamning i det strengt klassedelte engelske samfunnet. Eit viktig særtrekk ved den politiske oppfatninga hans er at han oppmoda til ikkje-valdeleg opprør, noko som seinare inspirerte profilerte ikkje-valdsfolk som Henry David Thoreau og Mahatma Gandhi. «The Masque of Anarchy» frå 1819 vert ofte rekna som den første moderne teksten som oppmodar til ikkje-valdeleg motstand, med linjer som «Stand ye calm and resolute, / Like a forest close and mute, / With folded arms and looks which are / Weapons of an unvanquished war».

Forfattarskapen

Sjølv om dei stuttare dikta hans, til dømes «To a Skylark» og «Ode to the West Wind» er dei som oftast vert lesne og siterte, er dei lengre lyriske verka hans like viktige i forfattarskapen. Desse inkluderer Queen Mab (1813), Prometheus Unbound (1820), Adonaïs (1821) og det uferdige «The Triumph of Life» (publisert 1824).

I «To a Skylark» bruker han lerka for å illustrere diktaren si umoglege oppgåve med å skildre det som ikkje kan skildrast. Det uferdige «The Triumph of Life», eit langt, narrativt dikt, modellert etter Dantes Den guddommelege komedie, granskar kjernen av livet og røyndomen med diktarfilosofen Rousseau som den sentrale figuren.

I det lyriske dramaet Prometheus Unbound (1820) får ideane hans om kampen til menneskesjela etter perfeksjon og frigjering frå det vonde sine lenkjer sitt mest tydlegaste uttrykk. Smerte, synd og død er forbigåande lidingar. Religion er òg ein forbigåande fase, for gudane er berre fantasifoster skapte av mennesket sjølv. Derfor blir tyrannen Jupiter styrta, og fallet hans gir støyten til gjenfødinga til menneska, når Prometheus blir «frigjorde». Sjølv om Shelley opphavleg byrja å tenkje i Godwinske banar, er Prometheus i botn og grunn eit uttrykk for platonske idear. The Cenci, med emne frå italiensk historie, er skriven for scena, men er eit lesedrama.

John Keats' død inspirerte han til elegien Adonaïs, og fridomskampen til grekarane til dramaet Hellas. Diktet Epipsychidion sprang ut av det svermeriske vennskapet hans med Emilia Viviani, som stod som ei lekamleggjering av platonsk skjønnheit for Shelley. I avhandlinga Defence of Poetry (1821) hevdar han i glødande ordelag den evige verdien av poesien og den guddommelege oppgåva til diktaren.

På sitt beste overtyder Shelley sine dikt gjennom si retoriske kraft og visjonære helstøpthet, men mange av dei verkar umodne, naive og nesten hysterisk sjølvmedlidande. Sidan 1900-talet på mange måtar var eit opprør mot romantikken, vart Shelley sitt forfattarrykte enda dårlegare. Dei større verka hans, der han gir uttrykk for trua si på ein platonsk og statisk eksistens i fullkommen kjærleik, vart stort sett omsette, medan dei revolusjonære ideane fekk fornya interesse på eit seinare tidspunkt.

Shelley var ikkje særleg kjend i samtida, mellom anna fordi dei strenge sensurlovene i England gjorde at mange av verka hans ikkje vart publiserte medan han levde. Etter at han døydde, vart kona Mary Wollstonecraft Shelley heilt sentral i å spreie ektemannen sin poesi, og det var ho som redigerte den første samlinga av dikta hans, Poetical Works (1839).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Cameron, Kenneth Neill: Shelley : the golden years, 1974
  • Cameron, Kenneth Neill: The young Shelley : genesis of a radical, 1950
  • Ferber, Michael: The poetry of Shelley, 1993
  • Holmes, Richard: Shelley : the pursuit, 1974
  • The Cambridge companion to Shelley, 2006 (Cambridge companions to literature)
  • Kelley, Theresa: «Life and biographies» i T. Morton (red.): The Cambridge Companion to Shelley. Cambridge 2006
  • Reiman, Donald H. & James Bieri: «Shelley and the British Isles», i M. O'Neill and A. Howe (red.): The Oxford Handbook of Percy Bysshe Shelley. Oxford 2013

Kommentarar (2)

skreiv Kjetil Korslund

Percy og Mary traff hverandre første gang i 1812.

skreiv Ida Scott

Hei! Jeg ser at Britannicas artikkel om MWS nevner at de møttes i 1812, men at forholdet deres begynte først i 1814. Biografien om PBS nevner ikke møtet i 1812. Vennlig hilsen Ida Scott.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg