Hopp til innhold
X
Innhald

Peter Slotsvik

Peter Joakim Kristian Slotsvik, ungdomslagsleiar og redaktør. Han var norskdomsmannen som i fleire tiår redigerte ei avis på norskdansk i Østfold.

Slotsvik var fødd i Borgund på Sunnmøre 3. februar 1861 (det står feil årstal i mange kjelder) og døydde 20. september 1924. Han var lærar fleire stader i tidsrommet 1882–1902, og han avslutta utdanninga si ved Askov høgskule i Danmark i 1900. Då skifta han yrke og blei redaktør. Slotsvik var redaktør i Indre Smaalenenes Avis 1901–24 og eigar av bladet frå 1903.
 
Som forfattar debuterte Slotsvik med skodespelet Hovedøtrene (1900) og gav seinare ut fem forteljingar.
 
Han skipa Eidsiva ungdomslag i 1895 og var formann fram til 1900, var så med og skipa Noregs Ungdomslag i 1896 og var formann her fram til 1899. I 1918 blei han den første æresmedlemen i Noregs Ungdomslag.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 08.09.2009
Sist oppdatert: 03.05.2013