Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Rolf Sagen

Rolf Sagen, psykolog, grunnleggjar av Skrivekunstakademiet i Bergen og særprega forfattar av ei lang rekkje romanar, dikt, noveller og barnebøker. Han skriv svært ulike bøker, både eksperimentelle og tradisjonelle.

Rolf Sagen er fødd 21. desember 1940 i Vadheim i Høyanger, voks opp i Sykkylven og er busett i Bergen. Han er utdanna cand.psychol. frå Universitetet i Oslo (1971), skreiv hovudoppgåve om psykologiske konsekvensar av sosiale system og arbeidde som klinisk psykolog i Hordaland fylke (1972–74). Han grunnla og var leiar for Skrivekunstakademiet i Hordaland frå 1985 til 1993, var seinare lærar ved akademiet (til 2007) og er ein av dei meste erfarne skrivelærarane i Norden.
Han debuterte med diktsamlinga Dørklinker i 1968, og han vekte stor merksemd med den eksperimentelle collage- og dokumentarromanen Kvengedal (1970), som blei kalla ei ny form for heimstaddikting. Sagen fekk det kommersielle gjennombrotet sitt med romanen Mørkets gjerninger (1976), som seinare òg blei fjernsynsfilm.
Sagen har gitt ut sjangeroverskridande bøker og har skrive meir enn eit dusin romanar. Han vekslar mellom realistiske og modernistiske skrivemåtar, men forfattarskapen er forankra i eit vestnorsk landskap og miljø. Han har òg skrive barnebøker og sakprosa.
Sagen fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for Dørklinker i 1969. I 1976 fekk han Kritikarprisen for romanen Mørkets gjerninger. I 2003 blei han tildelt Samlagsprisen for forfattarskapen sin. Han sat i styret i Den norske Forfatterforening i perioden 1985–89, og han har vore aktiv i etableringa av høgskulane i Bø og Volda. Han var aksjonsleiar i ei gruppe i Studentmållaget i Oslo som arbeidde for å få høgskulen lagd til Volda, ikkje Ålesund.
Radikale eksperiment
I collageromanen Kvengedal (1970) klipte Sagen saman stoff frå fleire årgangar av to lokalaviser på Sunnmøre. Dette var eit oppsiktsvekkjande og nytt grep. Etter Kvengedal gav han ut romanen Morgonmannen held utstilling (1971) og diktsamlinga Båten til Bergen. Småborgar-songar (1974), som er knytte til kvarandre tematisk med kvardagshistorier og lokalhistoriske motiv frå Vestlandet.
Springfart ved fjorden. Soga om Joran Krake (1986) er ein roman i den fantastiske sjangeren, som seinare er blitt ein kultroman. Samfunnet i romanen er bortanfor tid og rom, og persongalleriet er stort og fullt av humor, satire, det er underleg og morosamt. Oppdagaren Joran Krake kallar opp byen Moks etter mor si. Lommehunden frå Ribo (2008) er ein oppfølgjar til Springfart ved fjorden, og her møter vi att fleire av personane i den førske boka.
Inspirert av Kafka og Beckett
Inspirasjonen frå Franz Kafka og Samuel Beckett er tydeleg i romanen Lyden av vatn (1990), som har ein del til felles med Einar Økland sine romanar Galskap (1971) og Stille stunder (1974). Emnet identitet blir teke opp på ein ny og annleis måte. Handlinga i boka, som gjerne blir rekna som den beste han har skrive, går føre seg i eit draumelandskap der ein namnlaus person prøver å finne seg sjølv i eit landskap med vestnorsk preg.
Også i novellesamlingane Blendverk (1998) og Reisa til D. (2002) skriv Sagen om eit draumeaktig univers, der tid, identitet og framandkjensle er viktige element. Dei to samlingane har samanheng med romanen Lyden av vatn, men forma er meir realistisk. Det same gjeld romanen Skog (2004), der vi møter mange personar og forteljarar som alle er på flukt frå noko.
Meir tradisjonell og realistisk form
Sjølv om Sagen er blitt kalla ein litterær altmoglegmann, har han gitt ut mange tradisjonelle og realistiske verk. Romanen Mørkets gjerninger var realistisk og tradisjonell i forma og skaffa Sagen nye lesarar. Handlinga i Mørkets gjerninger går føre seg på ein dansefest på eit lokale, og emnet er ungdomleg begjær og utryggleik. Romanen er prisløna og blei dessutan fjernsynsfilm i 1986.
I dokumentarromanen Mercedesryttaren (1988) skriv han om eigne erfaringar som observatør til politivaldsaka i Bergen. Frå Samuel Eydes tid (1993) er ein annleis dokumentarroman, forma som ein oppdikta biografi over industrigründeren.
Hundre bønder (2001) er ein dokumentarroman om korleis Hitraopprøret i 1975, som endra norsk jordbrukspolitikk, blei opplevd på nært hald. Alltid likt å lese om krigen (2003) er ein roman om ein forteljar og familien hans under andre verdskrigen.
Romanen Kraftverk (2007) er basert på eigne dagbøker frå tida då Sagen gjekk på realskulen og spela i band i Sykkylven midt i 1950-åra. Han prøver å finne svar på når han bestemte seg for å bli forfattar. Tematisk finn vi inspirasjon frå På sporet av den tapte tid av Marcel Proust og Portrett av diktaren som ung mann av James Joyce.
For barn
I 1989 gav Sagen ut den første barneboka si, Reisa til Leit. Han har gitt ut tre biletbøker om Bergfri: Bergfri og Kakaoen leitar etter morfar (1997), Bergfri og epleslangen (1998) og Bergfri og kattungen (1999). Bøkene er illustrerte av Malgorzata Piotrowska.
I diktsamlinga Josefines songar (2005) fortel Josefine på 13 år trist og poetisk om korleis det er å ha dårleg råd. Samlinga har motiv som er dristige, og kan bli oppfatta som ein kommentar til materialismen i samfunnet.
Filleflabben syng (2008) er ein musikk-CD for barn som Sagen gav ut saman med Rolf Stensland, under artistnamnet Rolf men Rolf.
Kjelder
Øystein Rottem: Norges litteraturhistorie. Oslo 1999
Øystein Rottem: «Rolf Sagen», snl.no, http://www.snl.no/.nbl_biografi/Rolf_Sagen/utdypning [lesedato 11.2.2011]
Rolf Sagen, forfattarside, samlaget.no, http://www.samlaget.no/Forfattarar/S/Rolf-Sagen.aspx [lesedato 11.2.2011]
Peikarar
Om CD-en Filleflabben syng

Først publisert: 19.09.2011
Sist oppdatert: 02.05.2013