Faktaboks

Rolf Søder

Rolf Søderstrøm, han tok etternamnet Søder i 1944

Fødd
4. juli 1918, Kristiania (no Oslo)
Død
23. august 1998, Oslo
Verke
Skuespiller
Familie

Foreldre: Jern- og metallarbeider Karl Johan Søderstrøm (1888–1932) og Margit Westbye (1886–1972).

Gift 1950 med danser og skuespiller Berit Lindtner Næss (29.5.1931–), datter av hovedkasserer Birger Næss (1900–76) og skuespiller Randi Lindtner (1905–).

Navneendring til Søder 1944.

Rolf Søder

Bilde frå Norsk biografisk leksikon.

Rolf Søder
Av /NTB Scanpix ※.

Rolf Søder var ein norsk skodespelar. Han medverka i teater, film, radio og fjernsyn, og var ein allsidig artist som fekk folk til å le, men som særleg utmerkte seg i samfunnskritiske roller.

Han debuterte som teaterskodespelar i 1944, og jobba sidan ved dei fleste av dei norske institusjonsteatra. Den første filmrolla gjorde han i 1955. Dei neste tretti åra medverka han i eit førtitals filmar, og fleire av dei fekk internasjonal merksemd.

Han nådde eit landsdekkjande publikum med høyrespel og opplesingar i radioen og i krim- og dramaseriar for fjernsynet. Mange utanfor allfarveg fekk oppleve han direkte på scena gjennom teaterturnear.

Bakgrunn

Rolf Søder var fødd i Oslo. Han utdanna seg til boktrykkjar og arbeidde som typograf frå 1937 til 1944. Deretter var det skodespelarkunsten som galdt. Han fekk innpass ved Bjørnevik teater, der han debuterte i rolla som professor Higgins i Pygmalion i 1944. Frå 1946 til 1988 var han tilsett ved dei fleste store teatera i landet og spela i Radioteatret og Fjernsynsteatret.

Karriere

Engasjement og roller ved institusjonsteatra

Søder var engasjert ved dei fleste av dei norske institusjonsteatra. I 1947 til 1949 jobba han ved Den Nationale Scene. Han kom med i ensemblet til det nystarta Riksteatret og var med på den første turneen i 1949. Då drog teatret til Finnmark og farta fylket rundt med fiskebåt med En reise i natten. I 1989 var Søder med på Riksteatret si 40-årsfeiring, som opna med turné i Finnmark, denne gong i teaterbåt, med Alle mine sønner. Då Den Nationale Scene sette opp Jeppe på Bjerget, der Søder var ein av baronen sine drikkevener, gav dei over hundre framsyningar utanfor Bergen.

Etter eit år ved Rogaland Teater var han tilsett ved Folketeatret i 1952–1959, der han markerte seg som karakterskodespelar. Frå 1959 til 1963 var han ved Det Norske Teatret. Det lengste engasjementet hadde han ved Nationaltheatret (1968–1988). Ved alle scenene utmerkte han seg i seriøse roller. Han var Mackie i Tolvskillingsoperaen av Bertolt Brecht, Engstrand i Henrik Ibsens Gengangere og ektemannen i Den gang av Harold Pinter. Andre store roller gjorde han i oppsetjingar av Peer Gynt, Frøken Julie og Lang dags ferd mot natt.

Radio og fjernsyn

Gjennom radio og fjernsyn fekk folk langt unna teaterscenene ta del i norsk og utanlandsk dramatikk. Søder formidla både Henrik Ibsen, Sigurd Evensmo og Johan Falkberget for fjernsynssjåarane. Det vanka òg godbitar av lettare slag. Dei som lytta til Radioteatret, kunne høyre han i den svenske krimserien Mannen som gikk opp i røyk, og i den norske Inspektør Snusens memoarer. Born kunne glede seg til spennande høyrespel i Laurdagsbarnetimen, der Søder lyfta fram klassiske forteljingar som Skatten på Sjørøverøya og Jungelboka. Mange av seriane frå radio og fjernsyn har fleire gonger gått i reprise.

Politisk engasjement

Frå førestillinga «Alle mine sønner», Nationaltheatret (1987)

Frå førestillinga Alle mine sønner på Nationaltheatret i 1987. Frå venstre Kim Haugen, Urda Arneberg og Rolf Søder.

Av /Norsk Teknisk Museum .
Lisens: CC BY 4.0

Søder voks opp i ein politisk aktiv arbeidarklassefamilie og stod sjølv støtt på den politiske venstresida. Det politiske engasjementet bidrog til at dei samfunnskritiske rollene han spela, fekk ein personleg intensitet. Nokre av teaterstykka hadde politisk handling frå tidlegare tider, mellom anna Nederlaget og Mordet på Marat, andre frå samtida, til dømes Alle mine sønner, om krigsprofitørar i USA, og Skyt deg, Senja, ein sovjetkristisk farse om småborgarar som vert knuste av det kommunistiske byråkratiet.

Filmroller

Frå filmen «Pastor Jarman kommer hjem» (1958)
Frå filmen Pastor Jarman kommer hjem av Arne Skouen frå 1958. Frå venstre Rolf Søder, Kari Skouen og Henki Kolstad.
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Fleire av filmane han var med i, bygde på hendingar frå andre verdskrigen i Noreg. I I slik en natt er han drosjesjåføren som hjelper jødiske born slik at dei slepp unna tvangssending til Tyskland. Ni liv er filmatiseringa av Jan Baalsrud og dei andre motstandsmennene sitt dramatiske sabotasjeoppdrag i 1943, der Søder er ein av kommandosoldatane, som alle vert drepne som følgje av angiveri. Han medverka i Fjernsynsteatret sin serie om norsk klassekamp i 1930-åra og i stykket I de hvites Amerika, som med grunnlag i faktiske hendingar viser rasemotsetningar i USA.

Songar og revyartist

Alvoret låg nær også i morostykka. På Chat Noir parodierte han norsk toleranse i revyen Det er jo så deilig (1964), i Sandkassen (1970) heldt han ap med sjølvhevding og hakkeorden i vaksenverda. I Kuler i solnedgang (1972) var det machomenn og westernromantikk han harselerte med.

Søder var ein habil songar, og helst song han viser om arbeidarkultur, på klingande Oslo-dialekt. På samleplata Jargong Vålereng', frå 1980, framfører han både dikt og songar, der han på poetisk vis skildrar det røffe livet i arbeidarklassa på austkanten. I nokre av tekstane er Søder sjølv medforfattar.

Som privatperson viste han solidaritet med folk frå enkle kår. Han heldt kontakt med det gamle nabolaget sitt og opptredde i foreiningar, fengsel og på aldersheimar, gjerne med dikt av Rudolf Nilsen og Nordahl Grieg.

Prisar

For i innsatsen i Brent jord, om russarane sin innsats då tyskarane trekte seg ut av Finnmark i 1944, fekk han Moskva Filmfestival sin pris til beste skodespelar i 1969. I krigsfilmen Ni liv, som vart nominert til Oscar for beste utanlandske film i 1959, spela han elitesoldaten Sigurd Eskeland. I 2005 vart filmen kåra til den beste norske filmen gjennom tidene av Bergen internasjonale filmfestival. For rolla som krigsskadd uteliggjar i Belønningen sikra han seg den norske Filmkritikarprisen i 1980.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg