Hopp til innhold
X
Innhald

Rune Slagstad

Rune Slagstad, fødd 1945, er ein samfunnsforskar og dr. philos som har hatt mange stillingar i forlag og forsking. Han var professor II i rettsteori ved Universitetet i Oslo 1989–92, i statsvitskap same staden 1993–97, i sosiologi ved Høgskulen i Volda 1998–99. I 1999–2000 var han professor ved Senter for profesjonsstudier ved Høgskolen i Oslo og frå 2003 professor II ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo. Han har vore knytt til Institutt for samfunnsforskning sidan 1989. Slagstad har mellom anna gitt ut Positivisme og vitenskapsteori (1979), De nasjonale strateger (1998), Kunnskapens hus (2000) og Rettens ironi (2001).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012