Samuel er eit hebraisk mannsnamn som truleg tyder ‘Guds namn er El’, men i Bibelen er det forklart som ‘Gud har bønnhøyrt’.

Namnedag er 21. februar. Celine og Selma har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Samuel

Eit utval personar med namnet Samuel, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 166 menn i Noreg som hadde Samuel som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 112 gutar som fekk namnet Samuel.

Utvikling i bruk av namnet

Samuel er blant dei bibelske namna som var ein del brukte på 1800-talet og som fekk ei bratt stigning rundt år 2000. Andre døme på bibelske namn med liknande kurveprofil er Andreas, Daniel, Elias, Gabriel, Isak, Jakob, Johannes og Jonas. Populariteten for slike bibelske namn kan sjåast i samanheng med det internasjonale oppsvinget for desse namna dei siste åra.

Utvikling i bruk av namnet Samuel frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Samuel frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Samuel på 1800-talet.

Samuel var klart mest brukt i Finnmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Samuel på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Samuel var klart mest brukt i Finnmark.

Historisk bruk av namnet Samuel
Historisk bruk av namnet Samuel
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg