Hopp til innhold
X
Innhald

Snorre Sturlason

Snorre Sturlason var islandsk hovding, historikar og skald og høyrde til ei av dei mektigaste ættene på Island. Han er truleg fødd i 1179 og døydde i 1241. Det mest kjende verket hans er Heimskringla.

Snorres storverk, Heimskringla, fortel historia om dei norske kongane av Ynglingeætta frå førhistorisk tid, via rikssamlinga under Harald Hårfagre i 872 til slaget på Re i 1177, då kong Sverre vart konge. Han skildrar utviklinga av det norske kongedømet og gjer synleg den litterære tradisjonen på Island, som mykje av dei norrøne sogene er ein del av. Verket byggjer på munnleg tradisjon, skaldekvad og tidlegare soger. Heimskringla gir god oversikt over den norske historia og ligg til grunn jamvel for dagens nordiske mellomalderforsking.
Det første verket Snorre skreiv, var Den yngre Edda, ei lærebok i skaldskap. Her gjer han greie for kva kunnskapar ein skald treng, og boka inneheld ei oversikt over norrøn mytologi og dikting.
Snorre var gift to gonger og hadde mange born, nokre av dei utanfor ekteskap.
Livet hans kjenner vi frå fleire historieverk. Han fekk god utdanning og vart ein lærd mann. Han hadde kontakt med kongelege og kyrkjelege krinsar i mange land i Europa. Gjennom giftarmål og sambuarskap vart han svært rik, og han var ein leiande mann i statsstyringa på Island. Han vart valt til lovseiemann to gonger. Det vil seie at han var ordstyrar i den lovgivande forsamlinga, Alltinget, og dessutan den høgste dommaren på Island.
(Artikkelen held fram under biletet)
Snorre Sturlason, teikna av Christian Krogh. Illustrasjon i boka «Kongesogur», utgåve på landsmål omsett av Steinar Schjøtt, gitt ut i Kristiania på Stensersen forlag i 1900. Skjermdump frå boka i NB digital.
Snorre Sturlason, teikna av Christian Krogh. Illustrasjon i boka «Kongesogur», utgåve på landsmål omsett av Steinar Schjøtt, gitt ut i Kristiania på Stensersen forlag i 1900. Skjermdump frå boka i NB digital.
Familie og oppvekst
Snorre var son til Sturla Tordsson og Gudny Bodvarsdotter. Gjennom mora var han av ætta til myramennene, og mormora, Helga Tordsdotter, nedstamma i rett mannslinje frå den store hovdingen og skalden Egil Skallagrimsson. Far til Snorre var ikkje like storætta, men han hadde kjempa seg fram til makt og ære og var gòdord (hovding).
Snorre var knapt tre år gamal då han som ledd i eit rettsleg oppgjer vart sett bort til fostring hos Jon Loptsson på hovdingsetet Oddi. Jon var barnebarn av historikaren Sæmund Frode. Jon Loptsson var ein av dei mektigaste mennene i det ættesamfunnet som Island var på denne tida. Han var ein lærd mann og inspirerte den unge fostersonen til intellektuelle haldningar og interesser. På Oddi var det ei stor boksamling, og det var òg ein skule der. Oddi var samlingsstad for lærde folk frå heile Island, og mange av dei hadde òg reist og studert i utlandet.
Politikar og historikar
Slik var Oddi både eit maktsenter og eit kultursenter, og Snorre voks opp i eit politisk, historieinteressert og litterært miljø, der ein kunne latin og var oppteken av teologi og poesi. Fosterfaren sjølv var fødd og oppfostra i Noreg. Han vitja Noreg mange gonger, og Snorre fekk tidleg kjennskap til norsk politisk strid og norske hovdingar og kongar, og forteljingane om dei.
Denne doble bakgrunnen, som aktiv politisk aktør og lærd tilskodar, kom til å prega livet til Snorre. Han vart sjølv hovding og leiar på Alltinget. Hovdingstatusen fekk han då han i 1199 gifte seg med Herdis Bersesdotter, dotter av Berse Vemundsson, ein rik prest som budde på Borg, ættegarden til myramennene, og som hadde deira gòdord. Då svigerfaren døydde i 1204, arva Snorre hovdingsetet på Borg og hovdingdømet til Berse prest.
Koner og born
Snorre var ein driftig og maktkjær mann, og gjennom maktbruk og hell fekk han tak i fleire hovdingdøme. Han tok over garden Reykholt i 1206. Då vart ikkje kona Herdis med. I praksis var dei skilde, men ho vart buande på Borg til ho døydde i 1233. Reykholt eksisterer framleis og er ein sentral forskingsinstitusjon og ein viktig turistattraksjon på Island.
I 1224 vart Snorre sambuar med enkja Hallveig Ormsdotter. Ho vart buande saman med Snorre på Reykholt til ho døydde og han vart myrda i 1241. Hallveig var velståande, og gjennom sameigeavtale med henne vart Snorre den rikaste mannen på Island. Med velstanden fekk han òg meir makt, og i 1222 vart han vald til lovseiemann på nytt, og han hadde dette embetet fram til 1231.
I ekteskapet med Herdis Bersesdotter hadde Snorre dottera Hallbera og sonen Jon Murt. Han fekk òg mange frilleborn, altså born utanfor ekteskap, og to døtrer vart gifte med rike hovdingar. Ingeborg vart gift med Gissur Torvaldsson. Han vart Snorres drapsmann i 1241. Sønene Orökja og Jon Murt vart dregne inn i Snorre sine mange maktspel, på Island og i Noreg.
Ættestrid
25 år gamal var Snorre ein av dei mest velståande mennene på Island. I 1215 vart han vald til lovseiemann første gongen. Med aukande verdsleg makt kom Snorre i strid med mange andre hovdingar. Desse ættestridane, som eigentleg var ein borgarkrig om makta på Island, og som tok til tidleg på 1200-talet, enda i 1262/64, etter at Island hadde kome inn under den norske kongen. Mykje av striden var dessutan knytt til arveoppgjeret etter far til Snorre og etter Hallveig Ormsdotter, som han hadde sameige med. Snorre var berre fire år gamal då faren døydde, og brørne hadde teke over hovdingmakta og mykje av verdiane etter faren. Snorre ville ha sin del av arven, og striden heldt fram i fleire tiår. Slekta vart kalla «sturlungane», og Sturlungasoga, skriven av brorsonen Sturla Tordsson, er den viktigaste kjelda til kunnskap om Snorre.
Litterat og historikar
Jamvel om Snorre var ein rik og mektig hovding på Island, er det det litterære og historiske arbeidet hans som er grunnlaget for at han er ein av dei mest kjende personane frå den norrøne mellomalderen. Han må ha vore ein svært intelligent mann, med stor innsikt i det som fanst av tekstar, både skrivne og munnlege, om tidlegare historie på Island og i Noreg. Han var sjølv skald og skreiv ei bok, Edda (1222–23), som vert kalla Den yngre Edda (eller Snorre-Edda), til forskjell frå Den eldre Edda, som er eit handskrift som inneheld gudedikt og heltedikt. Den yngre Edda er ei lærebok i skaldskap.
Sturlungasoga seier om Snorre at han var ein god skald. Men sidan dei fleste dikta hans er borte, har det ikkje vore råd for moderne litteraturgranskarar å seie noko om kor god han var. Men det finst eit stort dikt etter han, Háttatal, på 102 vers, til ære for kong Håkon og Skule jarl i Noreg. Det handlar om kamp og slag i gamal tid og er ei lovprising av djervskapen og styrken til dei to fyrstane.
Den yngre Edda
Den yngre Edda inneheld tre delar. Den første delen er Gylfaginning, som er ei innføring i gamle gudesegner som skaldane måtte kjenne. Den andre delen heiter Skaldskaparmál, eller «læra om diktekunsten». Her vert mange gude- og heltesegner omtalte, med forklaringar på biletlege omskrivingar (kjenningar) som diktarane måtte ha greie på. Her er det òg mange dikt av tidlegare skaldar. Til sist kjem Háttatal, som eit døme på korleis det skulle gjerast. Diktet inneheld kommentarar til alle dei ulike verseformene.
Desse tekstane er frå tida kring 1220, og Den yngre Edda er det einaste verket der Snorre uttrykkjeleg er nemnd som forfattaren.
Heimskringla
Heimskringla er historia om dei norske kongane frå dei eldste tider til 1177, då det gjekk mot slutten av borgarkrigane i Noreg. Teksten startar i ei fjern og uklar fortid, med Odin og andre gudar, men vert meir konkret i skildringa frå rikssamlaren Harald Hårfagre og utover. Verket byggjer på både munnlege og skriftlege kjelder i Snorre si samtid. Han drøftar sjølv kjeldegrunnlaget sitt og nemner skaldekvad og Are Frodes Islendingabok blant dei viktigaste kjeldene. Mange forskarar har òg drøfta om han kan ha brukt kjende tekstar som Fagrskinna og Morkinskinna.
Heimskringla er ei krigshistorie og ei ættehistorie, og boka speglar slik også det samfunnet Snorre levde i. Biletet av Snorre som maktutøvar er tvitydig. Det seiest om han at han kunne vere veik og tvilrådig i stridane han var engasjert i. Men han kunne nok òg vere brutal, som andre stormenn, når han kjempa for sine eigne interesser. Menneskeliv var av liten verdi om nokon kom i vegen for det han ville ha. Slik er òg teksten i Heimskringla usentimental når det gjeld brutalitet, blod og smerte. Her er få døme på empati, og jamvel den mest brutale kongen vert skildra nøytralt og ofte med sympati. Makt er rett. Om vi skal leite etter heltar, må Olav den heilage nemnast. Også litterært er kapitlet om han det mest interessante, fordi kongen gjennomgår ei sjeleleg utvikling, både som vikingkonge og som kristningskonge. Snorre har arbeidd seg slik inn i sjelelivet til kongen at han kan formidle det kongen tenkte og følte. Som metode brukte Snorre elles talar han la i munnen på kongane.
Eit viktig grep i Snorre si framstilling av historia er kronologien. Han ryddar opp i tidlinjer hos tidlegare historikarar og gjer dei klarare. Han tydeleggjer òg det politiske spelet, den sosiale strukturen og motiva hos dei ulike aktørane på ein betre måte enn dei eldre tekstane. Framstillinga syner dessutan at forfattaren har stor forståing for politikk.
(Artikkelen held fram under videoen)
 
Video: «Om Heimskringla», NRK Skole
Egilssoga
Mange granskarar, mellom andre Halvdan Koht, meiner at Snorre òg er forfattaren av Egilssoga, soga om Egil Skallagrimsson. Snorre var gjennom eiga ætt og bustaden Borg godt kjend med historia om Egil. Koht argumenterer for at Egilssoga er skriven før Heimskringla, som er datert til ca. 1230. Delar av Egilssoga er tekne ordrett inn i Heimkringla. Det finst òg meir sofistikerte likskapar, knytte til den psykologiske metoden Snorre bruker i kongesogene i Heimskringla, der han set motsette karakterar opp mot kvarandre.
Tilknytinga til Noreg
Snorre sine litterære og historiske verk må sjåast på bakgrunn av dei nære relasjonane han hadde til mange nordmenn. Engasjementet hans i Noreg var motivert både intellektuelt og maktpolitisk. Forskarar i dag meiner at han brukte kontakten med Noreg i sin eigen kamp om makta på Island. Men truleg hadde han starta på arbeidet med kongehistoria, Heimskringla, då han reiste til Noreg første gongen, i 1218–20, og verket vart fullført i tiåret etter at han kom heim. Då hadde han vitja mange av dei stadene han skreiv om i verket, og hadde fått detaljkunnskapar om geografi og kultur. Han hadde dessutan samla mykje stoff om dei gamle kongane og stridane deira.
Første gongen Snorre kom til Noreg, var etter innbyding frå kong Håkon Håkonsson. Vitjinga vart teken opp att i 1237–39, men då som ei følgje av stridar han var involvert i på Island, då to av dei tidlegare svigersønene hans utfordra han og tok maktposisjonen frå han. Begge gongene vart han dregen inn i striden om kongemakta i Noreg, mellom hertug Skule og Håkon Håkonsson, og med kyrkja som ein viktig aktør i bakgrunnen. Noreg var delt mellom dei to kongsemna, og Snorre tok meir eller mindre klart parti for hertug Skule.
Same lagnad
Til slutt skulle nettopp det politiske engasjementet i Noreg verte Snorre sin lagnad. Då han kom til Noreg andre gongen, i 1237, hadde striden mellom Skule og Håkon ført landet til randa av borgarkrig. Skule kalla seg no konge og sette i gang eit væpna opprør mot kong Håkon. Snorre hadde med seg sonen Orökja og budde hos Skule i Nidaros.
Men medan dei budde der og tok del i dei norske intrigane, fekk Snorre vite at motmennene hans på Island var borte. Då ville han fare attende, men kong Håkon la ned forbod mot det fordi han no såg på Snorre som ein forrædar, sidan han hadde teke parti for Skule. Han hadde heller ikkje gjort noko for å føre Island inn under den norske kongens jurisdiksjon, som både Skule og Håkon var interessert i.
Men samstundes gav kontakten med dei to kongsemna i Noreg han meir makt på Island. Han fekk adelstitlar, etter kvart ein av dei høgaste i rangordninga i den kongelege hirda, lendmann. I det føydale systemet som rådde i høgmellomalderen, innebar det at han måtte sverje truskap til kongen. Dette, kombinert med tittelen som lovseiemann på Alltinget, gjorde han til ein mektig alliert for både kong Håkon og rivalen hans, hertug Skule.
Trass i det kongelege forbodet mot å reise, drog Snorre og sonen attende til Island, og det gjorde Håkon rasande. Kongen engasjerte nære slektningar av Snorre til å ta livet av han, og medan Snorre sørgde over at sambuaren hans, Hallveig, døydde hausten 1241, vart han overraska av den tidlegare svigersonen Gissur Torvaldsson og ein flokk væpna menn. Snorre prøvde å gøyme seg i kjellaren. Men fem mann gjekk ned, væpna med sverd. Snorre skal ha sagt: «Eigi skal hoggva!» («Ikkje hogg!»), som er ein allusjon til eit av dei ti boda i Bibelen: Du skal ikkje slå i hel. Motmannen svarte: «Hogg du!» Snorre sa igjen: «Eigi skal hoggva!» Ifølgje soga var det det siste Snorre sa i livet. Slik døydde Snorre etter ordre frå Håkon Håkonsson, slik også hertug Skule gjorde omtrent samstundes.
Snorre sin siste kamp er som teken ut av hans eiga noregshistorie. Den lærde sogeskrivaren og litteraten som òg var politikar og krigar, vart til sist offer for kontaktane sine i Noreg, kombinert med den langvarige ættestriden han sjølv kjempa på Island.
Ei nasjonalt symbol
Snorres kongesoger, Heimskringla, er eit av dei nasjonale symbola i Noreg. Alt i samtida fanst det mange avskrifter av verket, og frå 1500-talet har det vore trykt ei rekkje gonger. Historia var ei av dei viktigaste inspirasjonskjeldene for den norske sjølvstenderørsla overfor Danmark, som utvikla seg sist på 1700-talet og fram mot 1814. Under nasjonsbygginga på 1800-talet fekk igjen Snorres Heimskringla ein sentral plass. Verket gav Noreg ei fortid som nordmenn kunne vere stolte av. Snorre vart omsett av eidsvollsmannen og jernverkseigaren Jacob Aall omkring 1840 og har etter det kome i mange utgåver. Den første nynorske versjonen stod Steinar Schjøtt for i 1870-åra. Heimskringla er òg modernisert seinare. Saman med teikningar av kjende norske kunstnarar har denne boka vore ei av dei store folkebøkene i norske heimar og i skulen.
Men som historieverk er det mange sider ved Heimskringla som gjer boka problematisk. I byrjinga tok nok mange historikarar Snorre på ordet. Dei rekna det meste av det han skreiv, som historisk sanning. Seinare vart det meir vanleg med kjeldekritisk gransking av tekstane. Særleg med Halvdan Koht vart det vanleg å sjå på Snorre og andre tekstar frå hans tid som formidlarar meir om samfunnstilhøva slik dei var på forfattaren si tid enn som sanninga om fortida. Slik kan vi òg indirekte sjå Heimskringla som soga om borgarkrigane på Island.
Ny interesse
Samstundes er det grunn til å leggje vekt på Snorre sin kronologi og andre faktabaserte opplysningar. Det er heilskapssynet som speglar Snorre si eiga tid, medan mykje av kjeldene han brukte, kanskje særleg skaldekvada, er til å stole på. I det siste er òg ættesogene igjen trekte fram som truverdige kjelder til norsk historie, ikkje minst av professor Torgrim Titlestad ved Universitetet i Stavanger. Saman med andre kjelder, til dømes lovsamlingane, har vi med sogene og tekstane til Snorre ei unik kjelde til kunnskap om landet i vikingtida og mellomalderen. Derfor vert òg Snorre stadig omsett og lesen på mange andre språk enn dei nordiske.
Kjelder
Sverre Bagge: Society and Politics in Snorri Sturluson's Heimskringla. University of California Press 1991
Ottar Dahl: Norsk historieforskning i det 19. og 20. århundre. Oslo 1990
Halvdan Koht: Biografi om Snorre Sturlason i Norsk biografisk leksikon, band 14. Oslo 1962
Halvdan Koht: «Sagaens oppfatning av vår gamle historie», Historisk tidsskrift 1914
Dagfinn Mannsåker: 100 års historisk forsking. Utvalgte artikler fra Historisk tidsskrift. Oslo 1969
Knut Helle: Under kirke og kongemakt, bd. 3 i Aschehougs norgeshistorie. Oslo 1995
Kåre Lunden: Norge under Sverreætten 1177–1319, bd. 3 i Norges historie, Cappelen, Oslo 1976
Andreas Holmsen: Norges historie. Fra de eldste tider til 1660. Oslo 1961
Peikarar

Først publisert: 06.10.2014
Sist oppdatert: 10.10.2019