Hopp til innhold
X
Innhald

Ståle Storløkken

Ståle Storløkken, kjend jazzmusikar og komponist frå Dovre, med lang erfaring frå den norske jazzscena.

Ståle Storløkken er fødd 19. februar 1969 og voks opp på Dombås i Oppland. Han fekk utdanninga si som pianist ved den respekterte jazzlinja ved NTNU i Trondheim, der han framleis bur og er gift med songaren Tone Åse. Han er mykje brukt både som musikar, arrangør og komponist.
På jazzlinja starta han bandet Veslefrekk, saman med medstudentane Arve Henriksen og Jarle Vespestad. I 1997 skifta dei namn til Supersilent, etter at Helge Sten vart med. Dei har saman gitt ut seks kritikarroste plater på Rune Grammofon.
Storløkken er fast medlem i Terje Rypdal sitt «Skywards»-band og har vore med på mange av dei store prosjekta til Rypdal i seinare tid, til dømes Vossabrygg og Crime Scene. Frå 1995 har han spela i trioen BOL, saman med Tone Aase og Tor Haugerud. Saman med Thomas Strønen har han duoen Humcrush, som har gitt ut tre plater. Han spelar òg i trioen Elephant9, saman med Torstein Lofthus og Nikolai Eilertsen. På Vossajazz 2007 var han medkomponist til Berit Opheim sitt tingingsverk Ein engel går stilt, og i 2010 komponerte og framførte han eit tingingsverk til Moldejazz med Motorpsycho, Trondheim Jazzorkester og Trondheimssolistane.
Kjelder
BOL si heimeside: http://www.toneaase.no/tag/stale-storl%C3%B8kken/ [lesedato 29.6.10] Elephant9 si MySpace-side: http://www.myspace.com/elephant9theband [lesedato 29.6.10]
Moldejazz.no, artikkel om nytt bestillingsverk: http://www.moldejazz.no/2010/index.php?page_id=11901 [lesedato 29.6.10]
«New Supersilent album», pressemelding om Supersilent-plata 8ballade.no, publsiert 6.9.2007, http://www.ballade.no/mic.nsf/doc/art2007090614592092897230 [lesedato 29.6.10]
Peikarar

Først publisert: 10.04.2012
Sist oppdatert: 04.09.2013