Faktaboks

Sting
Gordon Matthew Sumner
Fødd
2. oktober 1951, Wallsend, England
Sting under en konsert i Portugal i 2006.
/AP.
Sting

Sting på scenen under Grammy-utdelingen i Los Angeles i 2004.

Av /KF-arkiv ※.

Sting er ein engelsk musikar, songskrivar og songar. Han vart kjend gjennom rockegruppa The Police og har sidan vore ein folkekjær soloartist verda over, med eit brennande politisk engasjement.

Bakgrunn

Sting heiter eigentleg Gordon Sumner og vaks opp i Wallsend, som er ein forstadsby utanfor Newcastle i England. Han er utdanna lærar frå Northern Counties College of Education, der han gjekk frå 1971 til 1974. Etter utdanninga arbeidde han som lærar og spela i ulike jazzrockgrupper på fritida.

Musikkarrieren

I 1977 flytta Sting til London, der han raskt etablerte seg som bassist og songar i rockegruppa The Police, saman med Stewart Copeland på trommer og Andy Summers på gitar. Etter fem studioalbum var The Police-trioen verdsstjerner. Gruppa vart oppløyst i 1984.

Sting har hatt ei lang og rik solokarriere etter tida i The Police, der han har gitt ut mange studioalbum og live- og samleplater. Han er ein folkekjær artist verda over og har selt millionvis av album.

Karakteristisk for musikken hans er politisk engasjerte tekstar og blanding av ulike musikalske stilartar, mellom anna jazz, rock, gospel og verdsmusikk. Sting har òg ei karakteristisk stemme og velkomponerte, melodiøse songar. Han er ein uhyre kresen og kvalitetsbevisst musikar, og har omgitt seg med internasjonalt kjende medspelarar som mellom andre saksofonisten Branford Marsalis, keyboardisten Kenny Kirkland og trommeslagarane Omar Hakim, Vinnie Colaiuta og Manu Katché.

Dei første soloplatene

Sting si musikarerfaring før The Police hadde vore i sjangrane tradjazz og fusion (jazzrock), så det var inga overrasking då han henta inn nokre av dei fremste unge jazzmusikarane i USA til å spele på debutplata si, The Dream of the Blue Turtles frå 1985. Spesielt Marsalis og Kirkland pregar både debutplata og den neste, ... Nothing Like the Sun, frå 1987, som inneheld svært kjende songar som «Englishman in New York» og «Fragile».

Det politiske engasjementet hans var tydeleg frå starten, og han skreiv ope om kontroversielle emne som gruvearbeidarstreiken i England, den kalde krigen og Pinochet-diktaturet i Chile.

1990-åra

Etter ein pause på slutten av 1980-åra kom Sting tilbake i 1991 med The Soul Cages, som krinsa rundt tema frå oppveksten hans i Wallsend. Språket på plata er drøymande og forteljande, og tekstane handlar om på skipsbygging, havet og forholdet mellom far og son, motivert av bortgangen av foreldra hans. Dette var den første plata med gitarist Dominic Miller, som har spela fast med Sting sidan.

I 1993 gav han ut Ten Summoner's Tales, som er lettare enn forgjengaren og inneheld store hitar som «Fields of Gold» og «If I Ever Lose My Faith in You». Eric Clapton spelar gitar på ein av songane, «It's Probably Me» (frå filmen Lethal Weapon 3), og fleire av songane går i ujamne taktartar, til dømes «Love Is Stronger Than Justice» og «Seven Days».

Oppfølgjaren Mercury Falling frå 1996 er påverka av ei rekkje sjangrar, mellom anna gospel («Let Your Soul Be Your Pilot»), country («I'm So Happy I Can't Stop Crying») og engelsk folkemusikk. Også her brukar han avanserte og uvanlege taktartar på fleire av songane.

2000-talet

Sting si flørting med ulike stilartar heldt fram på Brand New Day frå 1999, mest tydeleg på den arabiskinspirerte «Desert Rose», ein duett med den algeriske rai-songaren Cheb Mami. Albumet hadde eit meir moderne lydbilete enn dei føregåande og er det mestseljande i karrieren hans, med over åtte millionar selde plater.

Etter konsertplata ... All This Time frå 2001 gav han ut den siste konvensjonelle studioplata si, Sacred Love, i 2003, der han samarbeidde med mellom anna Mary J. Blige og sitaristen Anoushka Shankar. Etter denne plata gjekk han i ei heilt anna retning med 2006-albumet Songs From the Labyrinth, der han framfører songar av den engelske renessansekomponisten John Dowland, saman med den bosniske luttspelaren Edin Karamazov. Denne plata vart utgitt på det prestisjetunge klassiskplateselskapet Deutsche Grammophon.

Etter The Police sin gjenforeiningsturné 2007–2008 gav han i 2009 ut ei plate med hovudsakleg salmar, julesongar og folkesongar, kalla If On A Winter's Night... . Albumet er heilt akustisk og neddempa og vart urframført hausten 2009 i katedralen i Durham. Studioplata Symphonicities av Sting frå 2010, som inneheld ei rekkje orkesterarrangement av eldre Sting-songar, er framført av Sting, musikarane hans og Royal Philharmonic Orchestra.

I 2013 kom Sting sitt første popalbum på ti år: The Last Ship. Det handla om skipsbygging i heimbyen Wallsend og blei til ein Broadway-musikal året etter. I 2018 lagde han eit album med reggaeartisten Shaggy kalla 44/876. I 2021 gav Sting ut soloalbumet The Bridge.

Film og TV

Sting har hatt ei rekkje mindre og større roller i film, teater og fjernsyn, mellom anna i Tolvskillingsoperaen av Weill og Brecht, og David Lynch si filmatisering av Frank Herbert-boka Dune frå 1984. Han har òg spela i filmar som Quadrophenia (1979), Plenty (1985), Stormy Monday (1988) og Lock, Stock, And Two Smoking Barrels (1998). Og Sting har hatt gjesteroller som seg sjølv i fleire fjernsynsseriar, mellom anna i The Simpsons, Ally McBeal og Little Britain.

Sting har skrive filmmusikk til blant anna Brimstone And Treacle (1982), som han også medverka i. Sangen This Empty Chair, skriven av Sting til 2016-filmen Jim: The James Foley Story, blei nominert til Oscarprisen.

Aktivisme

Han har vore politisk aktiv gjennom heile karrieren og var med på både Band Aid i 1984 og Live Aid i 1985, i tillegg til mange andre konsertar for gode formål. Han har sidan 1989 arbeidd aktivt i Regnskogfondet saman med kona Trudie Styler, mellom anna gjennom årlege støttekonsertar i New York. Elles har Sting blant anna engasjert seg for Amnesty International.

Sting i Noreg

Sting har spela i Noreg mange gonger, mellom anna på Koengen i Bergen, Oslo Spektrum og Norwegian Wood i Oslo og på Molde International Jazz Festival. Rogalendingen Kjell Inge Torgersen har gjendikta mange av tekstane hans til nynorsk og gav i 2006 ut albumet Aks av gull, som inneheldt elleve Sting-songar på norsk, mellom andre «Fields of Gold» («Aks av gull») og «Fragile» («Skjøre»).

Utmerkingar

Sting er utnemnd til Commander of the British Empire (CBE) i England og Chevailer de l'ordre des Arts et des Lettres i Frankrike. Musikken hans har fått elleve Grammy-prisar.

Største hits

  • Spread A Little Happiness (1982)
  • If You Love Somebody Set Them Free (1985)
  • Fortress Around Your Heart (1985)
  • Love Is The Seventh Wave (1985)
  • Russians (1985)
  • We'll Be Together (1987)
  • Englishman In New York (remiks frå 1990)
  • All This Time (1991)
  • If I Ever Lose My Faith In You (1993)
  • All For Love (1994; saman med Bryan Adams og Rod Stewart)
  • Let Your Soul Be Your Pilot (1996)
  • Brand New Day (1999)
  • Desert Song (2000; med Cheb Mami)
  • Rise & Fall (2003; med Craig David)

Album

  • The Dream of the Blue Turtles (1985)
  • Bring On The Night (konsertalbum, 1986)
  • ...Nothing Like The Sun (1987)
  • The Soul Cages (1991)
  • Ten Summoner's Tales (1993)
  • Mercury Falling (1996)
  • Brand New Day (1999)
  • ...All This Time (konsertalbum, 2001)
  • Sacred Love (2003)
  • Songs from the Labyrinth (2006)
  • If On A Winter's Night... (2009)
  • Symphonicities (2010)
  • The Last Ship (2013)
  • 57th & 9th (2016)
  • 44/876 (2018; saman med Shaggy)
  • The Bridge (2021)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg