Hopp til innhold
Svein Sæter. Foto: Anita Land. Nytta med løyve.
Svein Sæter. Foto: Anita Land. Nytta med løyve.
X
Innhald

Svein Sæter

Svein Sæter, forfattar og journalist frå Nordmøre. Han har skrive fagbøker om historiske tema og personar, mellom anna om den andre verdskrigen og diktaren Hans Hyldbakk.

Svein Sæter er fødd 18. september 1960 på Sunndalsøra i Møre og Romsdal og bur i Stangvik i Surnadal. Han gjekk på Sunndal vidaregåande skule (1976–79), før han tok agronomutdanning ved Gjermundnes landbruksskule (1981). Vidare har han grunnfag i historie og vesteuropakunnskap frå Universitetet i Oslo (1990–1992).

I 1988 tok Sæter over redaktørjobben i avisa Driva etter far sin, Einar Sæter. Her var han fram til 1990. Frå 1992 til 1997 var han journalist i Dag og Tid. Sidan 1997 har han vore forfattar, kåsør og foredragshaldar på heiltid. Saman med kona, Anita Land, driv han Blomsterhaug forlag.

Sæter har skrive fagbøker om ulike emne. Bøker som Bondelandet, saman med Aina Edelmann (1994), Lang dags ferd mot napp (1997), Seterliv, saman med Karoline Daugstad (2001) og Draumen om Abebe Bikila. Reisebrev frå Etiopia (2009) viser ei breidde i fagfelt. Han har spesielt fått mykje merksemd for dei historiske bøkene. Operatøren. Knut Hauglands egen beretning (2008), som blei skriven i nært samarbeid med Haugland, og Kongen av Spitsbergen. Einar Sverdrups kamp for gruvene og mot Nazi-Tyskland (2016) handlar om nordmenn som stod opp mot okkupasjonsmakta under andre verdskrigen.

Saman med Einar Sæter gav han i 1998 ut boka Hans Hyldbakk. Samtale med ein 100-åring. Gjennom skrift, kåseri og foredrag løftar Sæter fram lokal historie og kultur, og han er ein sentral kulturpersonlegdom på Nordmøre.

Sæter fekk målprisen til Nordmøre Mållag i 2006 og Surnadal kommunes kulturpris i 2009. I 2012 fekk han Kuliprisen frå Nordmøre Historielag.

 

Kjelder

E‑post frå Svein Sæter 13.1.2020 og 16.10.2020

Driva: «Fikk Kuliprisen», driva.no, sist oppdatert 14.9.2012: https://www.driva.no/nyheter/article442458.ece [lesedato 16.10.2020]    

Svein Sæter, forfattarside, samlaget.no: https://samlaget.no/collections/svein-saeter [lesedato 10.1.2020]

 

Peikarar

Facebook-sida til Blomsterhaug forlag, facebook.com

Bibliografi i Oria, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com

Først publisert: 15.10.2020
Sist oppdatert: 21.10.2020