Hopp til innhold
X
Innhald

Synne Skouen

Synne Skouen, fødd 1950, er komponist og musikkritikar. Skouen har mellom anna skrive orkesterverk, kammermusikk og musikkdramatiske verk for film og fjernsyn (Dusj. 1 opera for 2, Rosa) og balletten Volven. Skouen var musikksjef i NRK P2 i 1993–99 og kultursjef i NRK frå 2000 til 2001. Synne Skouen var også leiar for Norsk komponistforening i 2002–06.
 
 
Sjå og høyr Volven, musikken er komponert av Synne Skouen.
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.10.2013
Sist oppdatert: 25.10.2013