Hopp til innhold
X
Innhald

Terje Stigen

Terje Stigen var forfattar. Han skreiv romanar og høyrespel.

Terje Stigen, 19222010, var forfattar. Han skreiv romanar, mellom andre To døgn, som han debuterte med i 1950, Elskere (1960), Timer i grenseland (1966), Besettelse (1970) og Min Marion (1972). Romanrekka om Avikfjord (1977–80) er i stor grad sjølvbiografisk.

Stigen gav seinare ut mellom anna Katedralen (1987), Monolitten (1988), Krigen (1989), Fyrholmen (1991), Allegretto (1995) og Alt er slik det er (1996). Han var òg novelleforfattar, med mellom andre Vindstille underveis (1956), Glasskulen (1963) og Assortiment (1982).

Stigen gav òg ut fleire høyrespel, mellom andre Sommernatt (1957) og epistelsamlingen Norsk Rapsodi (1972). Romanane Elskere og Min Marion er filmatiserte, høvesvis i 1963 og 1975, begge i regi av Nils R. Müller. Stigen var medlem i Det norske akademi for sprog og litteratur. Han fekk Riksmålsforbundets litteraturpris i 1957 og Bokhandlarprisen i 1963.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.05.2016
Sist oppdatert: 03.05.2016