Faktaboks

Theodore Slette
Fødd
6. november 1886, Wisconsin, USA
Død
18. november 1985, Voss, Vestland

Theodore Slette var lektor og leksikograf. Han laga den første store nynorsk-engelske ordboka.

Theodore Slette var fødd ved Rock Falls i Wisconsin i USA. Foreldra hans hadde begge utvandra frå Skjåk. Etter å ha teke studenteksamen i USA i 1913 var han i 1913/14 elev ved Voss folkehøgskule. I 1921 tok han filologisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo, med faga norsk, engelsk og historie.

I 1921 vart han tilsett som lektor ved Voss offentlege landsgymnas, og her arbeidde han til 1946. Då fekk han permisjon for å arbeide med ei norsk-engelsk ordbok, og dette vart hovudgeskjeften hans resten av livet, også etter at han pensjonerte seg i 1955. Han arbeidde mellom anna i to år med ordboka i Seattle, som Fulbright-stipendiat.

Norsk-engelsk ordbok kom i 1977 og var utgitt av Skuleboknemnda til Studentmållaget i Oslo. I ordboka la Slette vekt på å ha med omsetjingar av ord knytte til bygdemiljø, folkeminne og folkloristikk, og boka, som er på meir enn 1300 sider, har omsetjingar av mange ord ein ikkje finn andre stader.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Johannes Gjerdåker: «Theodore Slette og hans tid på Voss», Gamalt frå Voss 40. Voss 2008
  • Theodore Slette: Norsk-engelsk ordbok. Oslo 1977
  • Voss folkehøgskule 1895–1915. Voss 1915
  • Voss offentlege landsgymnas. Ei tretti-årsskrift 1916–1946. Voss 1946

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg