Hopp til innhold
X
Innhald

Tønnes Sirevåg

Tønnes Sirevåg, lektor, skuleadministrator og forfattar. Han hadde ein sentral posisjon i utforminga av det norske skuleverket i etterkrigstida, og skreiv ei rekkje lærebøker og skulehistoriske verk og artiklar.

Tønnes Sirevåg var fødd 21. januar 1909 på Nærbø i Hå i Rogaland, og døydde i Oslo 3. mars 1994. Han utdanna seg som cand. philol. i 1936 ved Universitetet i Oslo med faga engelsk, norsk og historie, og med pedagogisk eksamen i 1935. Hovudoppgåva hans i historie tok føre seg Jæren på veg frå naturalhushaldet. I 1936–39 arbeidde han som lektor ved Eidsvoll off. landsgymnas og i 1939–53 ved Haugesund kommunale høyere almenskole. I 1954 blei han utnemnt til leiar for det nyoppretta Forsøksrådet for skoleverket, og i 1960 til ekspedisjonssjef i Kyrkje- og undervisningsdepartementet. I 1968–76 var han rektor ved Oslo katedralskole. Frå 1976 til 1979 var han statsstipendiat, og han skreiv då og seinare fleire bøker med skule som tema, mellom andre Den niårige skulen. I opphav og strid (1979), Katedral og karusell. Streiflys på skole og politikk i krig og fred (1981) og Utsyn over norsk høgre skole. Frå lærde skolar til lov om vidaregåande opplæring (1988).
Sirevåg var internasjonalt orientert som skulemann. Han var på studieopphald i Storbritannia i 1946 og i USA i byrjinga av 1950-åra, og i 1960-åra var han medlem av Europarådet sin komité for undervisning. Han hadde såleis brei bakgrunn då han gjekk inn i arbeidet med den største av skulereformene i denne tida, nemleg å innføre 9-årig grunnskule her i landet.
Sirevåg blei i 1989 utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
 
Kjelder
Alfred Oftedal Telhaug: «Tønnes Sirevåg. Kunnskapsskolens mann som forsøksleder», i Harald Thuen og Sveinung Vaage (red.): Pedagogiske profiler. Norsk utdanningstenkning fra Holberg til Hernes. Oslo 2004
Paul Jasper: «Tønnes Sirevåg», Norsk biografisk leksikon, bd. 8. Oslo 2004. Elektronisk utgåve, Store norske leksikon, snl.no, http://snl.no/.nbl_biografi/T%C3%B8nnes_Sirev%C3%A5g/utdypning [lesedato 4.5.2012]
Peikarar

Først publisert: 08.08.2012
Sist oppdatert: 08.08.2012