Hopp til innhold
Torgeir Schjerven. Foto (C) Tom Sandberg/Gyldendal. Med løyve for Allkunne.
Torgeir Schjerven. Foto (C) Tom Sandberg/Gyldendal. Med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Torgeir Schjerven

Torgeir Schjerven er forfattar og biletkunstnar. Han fekk Kritikarprisen for romanen "Omvei til Venus".

Torgeir Schjerven, fødd i 1954, er forfattar og biletkunstnar. Han har gitt ut diktsamlingane Vekk (1981), Nettenes melk (1986), Tanker og andre personlige bedrifter (1989), En nåde uten mål (1998), I anledning dagen (2002) og Den stødige tilstundelsen av jubel i virkelig trist musikk (2006). Schjerven gav ut romanen I det blodige blå i 1984.

Litterært kom gjennombrotet med romanen Omvei til Venus (1994), som blei innstilt til Nordisk råds litteraturpris. Han fekk også Kritikarprisen for denne romanen. Schjerven har spelt i og skrive manus til nokre av filmane til Wam og Vennerød.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.04.2016
Sist oppdatert: 29.04.2016