Faktaboks

Torvald Sund
Fødd
3. juli 1952, Råkvåg, Trøndelag
Torvald Sund
Av .

Torvald Sund er ein norsk forfattar, særleg av barne- og ungdomsbøker. Han er prislønt og har ein omfattande, allsidig produksjon av meir enn 40 bøker i mange sjangrar.

Tema

Gjennom heile forfattarskapen har Torvald Sund skildra minoritetskulturar, underklassen og dei utstøytte i samfunnet med humor og alvor. Mange av bøkene har handling frå miljøet på trøndelagskysten og hans eigen oppvekst i kystkulturen.

Bakgrunn

Sund er busett i Levanger. Han er utdanna lærar frå Trondheim lærerhøgskole (1973–75) og Noregs idrettshøgskole (1978). Han debuterte i 1979 med diktsamlinga Dugnadstid og ungdomsromanen Haustsommar på Reinfjellet.

Forfattarskap

Sund har skrive meir enn 20 barne- og ungdomsbøker og meir enn 15 skodespel. Han har òg skrive dikt, noveller og fire romanar for vaksne. Seglet og dansen (1999) var den første romanen hans for vaksne. Det er ein historisk roman med realisme og linjer tilbake til Johan Bojer og Olav Duun. Sund har tre gongar fått Nynorsk barnelitteraturpris, i 1981, 1991 og 2001. Bøkene hans er omsette til ti språk, to av barnebøkene òg til sørsamisk.

Barne- og ungdomsbokforfattar

I dei to populære og komisk-burleske bøkene om onkel Oskar viser Sund stor forteljarglede og humor. Av bøkene blei det laga ein film i 1997, og filmtittelen var Onkel Oskar.

I 1983 kom ein ungdomsroman om mobbing, Eg er med deg, Kim. Problem og konfliktar blir skildra på ein måte som gjer at alle kan kjenne seg att. Boka fekk mykje omtale då ho kom ut. Guten som song så stygt (1994) er ei samling historier som minner vaksne på at dei òg har vore barn. To av historiene blei oppførte som familieopera i 2007 og 2008. Ungdomsromanen Dans stille før stormen kom i 2010. Det er ei bok om dødsdans i havgapet, om kunsten, livet og kjærleiken. Det handlar om å satse på det ein trur på.

Dramatikar

Sund har skrive ei rekkje skodespel i ulike dramasjangrar. Han debuterte med ein dramatisk monolog, sjømannsdramaet Brenn draumane mine på Callaos rei i 1998. Han har òg skrive manus til fleire historiske spel og utandørsteater i Trøndelag: friluftsteateret og musikalen Raud Vinter, utandørsspelet Namsens auge og eit historisk spel om Hans Nielsen Hauge, Trua og saltet.

Utmerkingar

I tillegg til Nynorsk barnebokpris, som han har fått tre gonger, har Sund fått Ole Vig-prisen i 1985, Skolebibliotekarenes litteraturpris i 1987, Trøndersk Målpris i 2000, Nord-Trøndelag fylkes kulturpris i 2000, Norsk Bibliotekforeningsærespris i 2002 og Levanger kommunes kulturpris i 2006.

Utgivingar

  • Bøt nota, fang livet (Roman, Communicato, 2016)
  • Sildbøtta (Roman, Communicato, 2014)
  • Helg (Dramatikk, Solum, 2011)
  • Dans stille før stormen (Roman, Samlaget, 2010)
  • Siste ytre (Ungdomsbok, Samlaget, 2005)
  • Fuglefangartreet (Barnebok, Aschehoug, 2005)
  • Da nissen kyssa mamma (Barnebok, Samlaget, 2003)
  • Knivkastarens son (Barnebok, Samlaget, 2001)
  • Seglet og dansen (Roman, Samlaget, 1999)
  • Brenn draumane mine på Callads rei. (Dramatikk, Samlaget, 1998)
  • Bror, Venn. (Barnebok, Samlaget, 1997)
  • Sjømannen og Vårherre (Historier, Samlaget, 1994)
  • Guten som song så stygt (Historier, Samlaget, 1994)
  • Bestemors tre. (Barnebok, Aschehoug, 1993)
  • Trollkatta. (Barnebok, Samlaget, 1993)
  • Steindau. (Barnebok, Aschehoug, 1992)
  • Skrømt. (Barnebok, Aschehoug, 1991)
  • Onkel Oskar spring naken heim til jul (Historier, Samlaget, 1991)
  • Vettskremt. (Barnebok, Aschehoug, 1990)
  • Vi, kafegrisen og den flygande hollendar på flukt. (Barnebok, Samlaget, 1990)
  • Slang. (Barnebok, Aschehoug, 1989)
  • Onkel Oskars saueost og andre godbitar (Historier, Samlaget, 1988)
  • Grensejegerar. (Ungdomsbok, Tiden, 1987)
  • Første tørn på «Havterna». (Ungdomsbok, Samlaget, 1986)
  • Villmarksguten. (Biletbok, Samlaget, 1985)
  • Snøstormen. (Biletbok, Samlaget, 1984)
  • Eg er med deg, Kim. (Ungdomsbok, Samlaget, 1983)
  • Du klarer det, Næjla. (Ungdomsbok, Samlaget, 1982)
  • Anselm reineigaren. (Barnebok, Samlaget, 1981)
  • Dugnadstid, dikt. (Lyrikk, Arbeidern, 1979)
  • Haustsommar i reinfjellet. (Ungdomsbok, Rune Forlag, 1979)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg