Faktaboks

Vidar Sandbeck
Fødd
21. juli 1918, Åsta, Åmot
Død
10. november 2005, Rena
Verke
Forfatter og visesanger
Familie

Foreldre: Skogsarbeider Emil Antonsen Sandbæk (1884–1962) og Lenny Alida Larsen (1881–1964).

Gift 1) 1947 med Gerd Bergersen (6.4.1918–4.7.1969), datter av småbruker Emil Bergersen (1880–1955) og Berthea Gjedselmoen (1883–1933); 2) 1972 med Målfrid Kildal f. Ljosland (10.3.1927–), datter av byggmester Thomas Jensen Ljosland (1881–1968) og Berte Ånunsdatter Fidjeland (1888–1975).

Vidar Sandbeck

Foto frå 1984. Bilde frå Norsk biografisk leksikon.

Vidar Sandbeck
Av /NTB Scanpix ※.
Vidar Sandbeck (1966)

Vidar Sandbeck (1966). Frå debuten i 1958 og fram til han døydde, var Sandbeck ein av dei mest populære visesongarane i Noreg. I desse åra var NRK radio ein viktig arena for Sandbeck. Han var fast gjest i radioprogramma Søndagsposten og Barnetimen for dei minste.

Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0

Vidar Sandbeck var ein prislønt og folkekjær norsk visesongar og forfattar. Han var i mange år fast gjest i Søndagsposten og i Barnetimen for de minste, med viser som Menuett i mai og Bildilla.

Dei over 300 visene han har skrive tekst og melodi til, er samla i visesongbøker. Gjennom plateopptak, speling i radio og fjernsyn og mange års turnéverksemd i heile Noreg vart Sandbeck ein vidgjeten visesongar. Han var òg prosaforfattar og har skrive barnebøker og romanar for vaksne, mellom dei ein sjølvbiografisk romanserie på sju band om livet til dei som bur på husmannsplassen Myra.

Bakgrunn

Sandbeck var fødd på Åsta i Åmot kommune. Han hadde inga formell utdanning. Far hans var husmann, skogsarbeidar og politisk engasjert, og det var ein bakgrunn som vart viktig i den kunstnarlege produksjonen til Sandbeck. Han byrja å spele fele i niårsalderen, og dei første dikta skreiv han frå han var tolv år gamal.

Visesongar

I 1958 sende Sandbeck inn nokre viser til Alf Prøysen og Otto Nielsen i Søndagsposten i NRK radio. Her fekk han framføre visa Pengegaloppen, noko som vart eit gjennombrot. Visa vart mykje spela i radio, og i 1959 kom visesongboka Pengegaloppen og andre viser. Dette var den første av i alt ni visesongbøker som Sandbeck gav ut. I 1992 kom Den store viseboka, som inneheld hundre av visene hans.

Frå debuten i 1958 og fram til han døydde, var Sandbeck ein av dei mest populære visesongarane i Noreg. Som fast gjest i radioprogramma Søndagsposten og Barnetimen for de minste vart NRK i desse åra ein viktig arena for Sandbeck. Mange av dei over 300 visene han laga, vart presenterte på riksdekkjande radio. Sandbeck hadde ei songstemme som var lett å kjenne att, og saman med orkesterarrangementa til Ragnar Danielsen fekk visene hans eit karakteristisk særpreg. Nokre av dei mest kjente og populære visene er Pengegaloppen (1958), Gull og grønne skoger (1959), Bildilla (1959), Menuett i mai (1960) og Kan du låne bort en femmer? (1975). Sandbeck var både tekstforfattar og komponist til visene. Pengegaloppen og Gull og grønne skoger var store hits i 1959.

Også andre artistar har nytt godt av tekstane og melodiane som Sandbeck laga. Store plateprosjekt er Lasse synger Vidar Sandbeck (1989), med Lasse Johansen, og Gull i fra grønne skoger (2003), der mellom anna Grethe Kausland, Eldar Vågan, Jan Eggum, Halvdan Sivertsen og Vamp spelar favorittvisene sine av Sandbeck. Wenche Myhre og Erik Bye har òg tolka viser av Sandbeck. Han skreiv to store hits for andre: Wenche Myhres Ei snerten snelle (1963) og Dizzie Tunes' Et bitte lite miniskjørt (1968).

Romanforfattar og barnebokforfattar

Lyrikksamlinga I dørgløtten. Viser og vers kom i 1954 og vart følgd opp av visesongboka Pengegaloppen i 1959.

Etter å ha gitt ut fire visebøker debuterte Sandbeck som romanforfattar med Rundtramper og flatfele i 1962. Dei fire romanane hans fra 1960-åra har fleire trekk frå hans eigen oppvekst, men gjennombrotet som prosaforfattar kom i 1977 med ein serie uttalt sjølvbiografiske romanar, der Sandbeck skreiv på dialekt.

I ein romanserie for barn på ni band, utgjeve frå 1978 til 1989, skreiv Sandbeck om Påsan frå husmannsplassen Myra. I vaksenserien på sju band treffer vi Påsan og den klassebevisste faren Rudolf, og miljøet er det same som i barnebøkene. Rudolf er skogsarbeidaren som nektar å bøye hovudet i motgang. I dei sju bøkene frå Fy skam (1977) og til Far (1984), skildrar Sandbeck oppveksten i eit proletært småbrukarmiljø.

Mange unge lyttarar fekk eit nært forhold til bøkene og visene til Sandbeck gjennom fleire år med opplesingar og song i radioprogrammet Barnetimen for de minste.

Stiftelsar og prisar

Miljøet i Østerdalen var viktig for kunstnarkarrieren til Sandbeck. Han ville bu på Åsta, for han såg det lokale som eit sentralt vilkår for kunstnarlivet. Identitet og det å vite kvar ein kjem frå, er noko Sandbeck stadig kjem attende til i diktinga si. Gjennom denne sterke tilhøyrselen vart han ein viktig ambassadør for heimplassen sin. Åmot kommune har oppretta Sandbeckstiftelsen, der målet er å ta vare på den kulturarven som produksjonen til Sandbeck representerer. Sidan 2008 har Sandbeckstiftelsen delt ut Vidar Sandbecks kulturpris, «Regnbågåbrua».

I 1984 fekk Sandbeck Åmot kommunes kulturpris, i 1992 fekk han Spellemannprisen i klassen for visesong og i tillegg Spellemannprisens heiderspris. Han fekk Hedmark fylkes kulturpris i 1994. I 2003 fekk han Alf Prøysens Ærespris, og han vart han heidra med Kongens fortenestemedalje i gull same året.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Thorbjørn Bakken: Vidar Sandbeck. Hans liv og virke. Trysil-forlaget, 2005

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg