Samuel Knutson Sandnes

Samuel Sandnes. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane
Samuel Knutson Sandnes (1890-1980). Lærar, skuleinspektør og lokalhistorikar som busette seg i Førde, der han var aktiv i sogelag og som styremedlem i Sunnfjord Museum.
I Førde budde Samuel Sandnes på den gamle klokkargarden Solberg, ved Hundvebakke. Denne bygningen var Norges Banks kontor i Bergen til den vart flytta til Førde i 1840 av kaptein Müller. I 1874 kjøpte kommunen det som klokkargard, og Sandnes kjøpte det i 1939. Huset står framleis i 2010.
Tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull 1978.
(Bror av Ola Sandnes - sjå denne under Kjende personar i Jølster fødde år 1850-1900.

Klokkargarden Solberg i Førde, der Samuel Sandnes budde. Foto: Olai Fauske. Eigar:Inge Grov/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Solberghuset i 2008. Foto: Kjell Arvid stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 21.12.2010