Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurd Kloumann

Sigurd Kloumann.

Sigurd Kloumann.

Bysten av Sigurd Kloumann i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bysten av Sigurd Kloumann i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sigurd Kloumann (1879-1954) fødd i Vadsø, busett i Oslo. Ingeniør og ein av dei største industrileiarane i Noreg tidleg på 1900-talet. Han vert rekna som industrisamfunnet Høyanger sin grunnleggjar.

Adm. direktør i NACO 1915-1946, då han vart avløyst av Johan Mürer (Mürer sat også i styret for Nordag under krigen (sjå Historia i Årdal). Kloumann planla og leia utbygginga av dei store kraftverka Kykkelsrud i 1902 og Vamma 1903. Var i 1903 med på utprøvinga av Birkeland og Eydes flammeomn, og vart i 1904 leiar for utbygginga av ein kvelstoffabrikk på Notodden og bygging av Svelgfoss kraftverk, som til då var det største i Europa. Kloumann deltok i skipinga av Norsk Hydro i 1905. Han planla og leia i desse åra utbygging av kraftanlegg og fabrikkar på Rjukan, reguleringa av Møsvatn og utbygging i Tyssefalla i Hardanger.

I 1911 skipa han A/S Saudefaldene og leia utbygginga av kraftverka i Sauda. I 1915 skipa han A/S Høyangsfaldene, Norsk Aluminium CO - NACO, og leia utbygginga av kraftanlegg, aluminiumfabrikk og industribyen Høyanger.

I 1923 vart selskapet omorgansiert i to selskap: Det eine for kraftproduksjon (norskeigde Høyangsfaldene) og det andre for aluminiumproduksjon (med amerikanske Alcoa som 50 pst. eigar). Kloumann fekk bygd eigen aluminiumoksydfabrikk i Høyanger i 1928.

Frå avdukinga av bysten over Sigurd Kloumann. Avdukinga skjedde på 50-årsdagen hans 1. juli 1929. Til høgre på biletet gata som har fått namn etter han, Kloumanns Allé. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå avdukinga av bysten over Sigurd Kloumann. Avdukinga skjedde på 50-årsdagen hans 1. juli 1929. Til høgre på biletet gata som har fått namn etter han, Kloumanns Allé. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I juli 1940 – kort tid etter den tyske invasjonen i Noreg - tok Kloumann kontakt med sjefen for den tyske flyprodusenten Junkers, Heinrich Koppenberg, og tilbaud seg å utarbeide ein plan for opprusting av norsk aluminiumsindustri. Kloumanns detaljerte kartlegging av råstoffressursar, kraftressursar og kostnadsoverslag danna grunnlaget for «Koppenberg-planen», som m.a. satsa på aluminiumsråstoff frå anortosittstein henta frå gruver i Kinsedal ved Lustrafjorden (sjå Anortositten i Kinsedal), og på skiping av Nordag, selskapet som starta utbygging av eit stort aluminiumverk i Årdal, basert på kraft frå Tyinfalla. Sigurd Kloumann var styremedlem i NACO til 1946, då han slutta som adm. direktør.

I 1917 skipa Sigurd Kloumann A/S Nordisk Aluminiumsindustri i Holmestrand m.a. for produksjon av kokekar. Kloumann vart i 1933 også direktør for A/S Dansk Aluminium Industri og i 1934 for A/B Svenska Aluminiumskompaniet. Sigurd Kloumann vart medskipar av Norske private Kraftverkers Forening i 1918 og første formann, og styremedlem i Norsk Arbeidsgiverforening. Han gav ei boksamling på 500 bind til Folkets Hus i Høyanger. På 50-årsdagen hans i 1929 vart det avduka ein byste av Kloumann på torget i Høyanger. Han har også fått oppkalla Kloumanns allé etter seg. Riddar av St. Olavs Orden.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.05.2014