Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurd Martin Fjøsne

Fjøsne var leiar i Sogn ungdomslag i 10 år og ein aktiv målreisingsmann.

Sigurd Martin Fjøsne (1887-1974) frå Luster, busett i Gaupne. Lærar, organisasjonsmann og forfattar. Tok eksamen ved Stord lærarskule i 1911 og vart lærar i Luster frå same år. Lærar i Folldal 1914, Landvik frå 1916, og frå 1918 lærar i Luster.

Fjøsne var leiar i Sogn ungdomslag i 10 år og ein aktiv målreisingsmann.

Under 2. verdskrig vart Fjøsne arrestert i 1942 og sat i lang tid som fange på Grini.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 07.04.2011