Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurd Nesdal

Sigurd Nesdal (1915-2002) frå Innvik, busett i Oslo.  Ingeniør og forfattar.

Sigurd Nesdal (1915-2002) frå Innvik, busett i Oslo. Ingeniør og forfattar.

Nesdal var aktiv i den frilynde ungdomsrørsla m.a. som folkedansar. Som forfattar skreiv han «Lodalen – fager og fårleg» (Norsk Folkeminnelag 1983), m.a. om dei to store raskatastrofane i Lodalen - sjå Lodalsulukkene 1905 og 1936.

Nesdal har og skrive fleire bøker med humoristisk innhald.

Han vart landskjend som humorist gjennom fjernsynsprogrammet «Har du lyst har du lov» i NRK på 1970-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.09.2011