Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurd S. Eldegard

Sigurd S. Eldegard.

Sigurd S. Eldegard.

Sigurd S. Eldegard (1893–1962) frå Eldegard i Årdal. Bonde og folkemusikar.

Han var ein av dei fremste spelemennene i Sogn i første halvdel av 1900-talet. Eldegard lærde å spele fele av far sin, Søren Eldegard (1868-1946), og seinare av bestefaren, den kjende spelemannen Sjur Ingebrigtson Eldegard (1834-1920).

Saman med søstera Brita Eldegard Nesje (1909-1977) spela Sigurd på kappleikar og stemne over heile landet. Brita vart busett i Stryn.

Sigurd Eldegard spela inn kring 30 slåttar for NRK og folkemusikksamlaren Arne Bjørndal.

Av yngre folkemusikarar har Synnøve S. Bjørset frå Jølster teke i bruk mange av slåttane etter Eldegard, og i 2004 gav ho ut ein CD med opptak av Sigurd Eldegard.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2011