Hopp til innhold
X
Innhald

Sjur Fuhr

(1839–1932) frå Fuhr, busett på Ottum. Fylkesgartnar og bonde. Utdanna agronom.

(1839–1932) frå Fuhr, busett på Ottum. Fylkesgartnar og bonde. Utdanna agronom.

I 1862 og 1863 var han lærling i den botaniske hagen i Oslo under botanikkprofessor Frerik Christian Schübeler. Det var Nordre Bergenhus Amts Landhusholdningsselskab ( Landbruksselskapet) som kosta utdanninga for Fuhr i Oslo. Professor Schübeler var ein føregangsmann for hagebruk i Noreg.

Han meinte m.a. at meir varmekjære hageplantar hadde evna til å tilpasse seg med framskunda modningstid dersom dei vart planta i kaldare klima i Noreg, og han gav ut ei mengde opplysningsskrifter om hagebruk.

Etter litt praktisk opplæring hjå ein handelsgartnar i Oslo kom Sjur Fuhr heim og vart tilsett som den første fylkesgartnaren i Sogn og Fjordane i 1864. Men etter fem år i tenesta slutta han for å ta over farsgarden på Ottum, der han planta mange utanlandske fruktslag. Han kom tilbake i arbeidet som fylkesgartnar for Sogn i 1874 og arbeidde som fylkesgartnar der til 1902. Sonen Mons Klingenberg Fuhr var også gartnar og flytta til Grimstad i 1895.

Sonen hans, Sjur Fuhr jr., vart gartnar og vinleggjar, og utvikla den kjende fruktvinen «Fuhr Fino».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.03.2008