Hopp til innhold
X
Innhald

Sjur Hansen Vadem

Sjur Hansen Vadem (1820-1898) frå Vadheim. Forretningsmann og hotelleigar. Han skreiv seg for Sjur Hansen, men vart på folkemunne kalla «Sjur i Veim».

Frå 1700-talet hadde det vore gjestgjevar med brennevinshandel på garden Vadheim. Gjestgjevaren hadde to døtre. Den eine vart gift med Sjur Hansen Vadem.

Sjur starta først ein liten landhandel på garden Hovland før han bygde eigen butikk på Vadheimsgarden vest i bygda kring 1854. Her hadde han også ølbryggeri. I 1857 bygde han dampskipskai for å ta imot den nye tida med Fylkesbåtane, som starta rutene i 1858. I 1886 bygde Sjur i Veim stort hotell i tre etasjar med 40 senger. Hotellet fekk namnet «Hansens Hotell» (sjå under Overnattingverksemder i Høyanger).

Ved sida av hotellet bygde Sjur ein av dei største butikkane i distriktet. Han hadde kundar frå heile Gaular og Viksdalen og langt innover Sognefjorden. Dessutan dreiv han fraktfart med to jakter som han mellom anna reiste til Bergen med for å selgje landbruksvarer som han kjøpte frå bøndene.

Sjur Hansen vart ein rik mann, og åtte fleire gardar i Sunnfjord og Sogn. Ein av sønene til Sjur, Christian, dreiv ei tid handel på den gamle Handelsstaden Værholmen ved Lavik før han overtok landhandelen til faren i Vadheim. Ein annan son, Georg, tok over dampskips-ekspedisjonen. Dottera Hansine overtok saman med ektemannen Andreas Eide hotellet og dreiv det til 1939, då deira son Trygve overtok. No hadde hotellet skifta namn til Vadheim Hotell. Det brann i 1961.

Etter Sjur Hansens død dreiv sonen Christian ei tid butikken, leigde deretter bort, og selde i 1909 til Nils Vattekar.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.03.2008