Hopp til innhold
X
Innhald

Sjur Hansen

Sjur Hansen

Sjur Hansen

Sjur Hansen (1820-1898) frå garden Hovland i Vadheim. Forretningsmann og hotelleigar. Han skreiv seg for Sjur Hansen, men vart på folkemunne kalla "Sjur i Veim". Sidan 1801 hadde det vore gjestgjevar med brennevinshandel på garden Vadheim. I 1844 gifta Sjur seg med gjestgjevardottera Lukris Andersdotter, og i 1845 vart han skysskaffar og gjestgjevar med rett til å bryggje øl for sal.

Sjur starta først ein liten landhandel på garden Hovland før han bygde eigen butikk på Vadheims-garden nede ved fjorden i 1854. I 1857 bygde han dampskipskai for å ta imot den nye tida med Fylkesbaatane, som starta rutene i 1858.

I 1886 bygde Sjur stort hotell i tre etasjar med 40 senger. Hotellet fekk namnet "Hansens Hotell". Ved sida av hotellet bygde Sjur ein av dei største butikkane i distriktet. Han hadde kundar frå heile Gaular og Viksdalen og langt innover Sognefjorden. Dessutan dreiv han fraktfart med to jakter som han mellom anna reiste til Bergen med for å selje landbruksvarer som han kjøpte frå bøndene.

Sjur Hansen vart ein rik mann, og han eigde fleire gardar i Sunnfjord og Sogn. Ein av sønene til Sjur, Christian, dreiv ei tid handel på den gamle Handelsstaden Værholmen ved Lavik før han overtok landhandelen til faren i Vadheim. Ein annan son, Georg, tok over dampskipsekspedisjonen. Dottera Hansine overtok saman med ektemannen Andreas Eide hotellet og dreiv det til 1939, då deira son Trygve overtok. No hadde hotellet skifta namn til Vadheim Hotell. Det brann i 1961.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.11.2009