Hopp til innhold
X
Innhald

Sjur Hesjevoll

Sjur Hesjevoll. Foto: Odd Helmer Handeland.

Sjur Hesjevoll. Foto: Odd Helmer Handeland.

Sjur Hesjevoll (1914-1994) frå Jostedal. Felespelar, kunstmålar og treskjerar. Han deltok på sin første kappleik som 16-åring og fekk mange gode plasseringar både på fylkeskappleikar og landskappleikar.

I 2009 arrangerte Jostedal historielag ei utstilling av kunsten hans, og same året kom det ut ein cd med slåttar etter Sjur Hesjevoll. I 2014 var det ei markering i samband med at det var 100 år sidan han vart fødd.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.03.2014