Hopp til innhold
X
Innhald

Sjur Ingebrigtson Eldegard

Sjur Ingebrigtson Eldegard.

Sjur Ingebrigtson Eldegard.

Sjur Ingebrigtson Eldegard (1834-1920) frå Eldegard. Bonde, jeger og kjend meisterspelemann og slåttekomponist.

Som spelemann gjekk han 14 år gamal i lære i Valdres. 18 år gamal møtte han i Bergen den kjende Myllarguten som ville ha han med på turnê. Men Sjur takka nei og livnærte seg nokre år som spelemann åleine. Han spela elles mykje saman med Ola Mosafinn og Sjur Helgeland frå Voss.

Sønene Jørgen, Sigurd, Søren og Olav vart og gode spelemenn. Sørens son Sigurd skipa Årdal Spelemannslag. Også andre etterkomarar etter Sjur har vorte dugande spelemenn og -kvinner.

Sjur Eldegard var ein dyktig jeger som skaut bjørn og minst 500 reinsdyr. Han leigde jaktterreng og arbeidde som guide for engelske reinsjegerar.

Ei tid dreiv han fehandel og var med i det første kommunestyret og formannskapet i Årdal frå 1860. Han flytta i 1885 til Skophamar ved Solvorn i dåverande Hafslo kommune.

Frå Bøttejuv er det godt oversyn over fjellriket til Sjur Ingebrigtson Eldegard. Vi ser Eldegard som ein grøn flekk litt til venstre for midten av biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå Bøttejuv er det godt oversyn over fjellriket til Sjur Ingebrigtson Eldegard. Vi ser Eldegard som ein grøn flekk litt til venstre for midten av biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2011