Hopp til innhold
X
Innhald

Solveig Sindre

Solveig Sindre

Solveig Sindre

Solveig Sindre (1934-2010) frå Lillehammer, busett i Markane. Lærar og forfattar. Eksamen frå Volda lærarskule 1957, og lærar i Hurum kommune fram til 1960, då ho flytta til garden Sindre i Markane saman med ektemaken Svein Sindre. Har arbeidd som lærar i Markane og i Stryn, og vore tilsett ved psykiatrisenteret på Nordfjordeid.

Sindre har gjeve ut «Kontraster – på søk i et ras-skadd hjernelandskap» (Vestlandsforlaget 1992), ei bok som ho skreiv etter å ha vorte råka av hjerneslag. «Levande røter» (Landbruksforlaget 1995) skildrar livet på ein Vestlands-gard, «Elle melle - Barnekår i skjebneår» (Dølaringen Boklag 1997) tek utgangspunkt i minne frå oppvekståra frå 1936 til 1950.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 22.09.2010