Hopp til innhold
X
Innhald

Søren Ve

Søren Ve.

Søren Ve.

Søren Ve (1892-1974) frå Øvre Årdal. Lærar, rektor og lokalhistorikar. Han tok doktorgraden i botanikk i 1941 om treslag i Indre Sogn. Ve gav elles ut fleire botaniske avhandlingar. Han arbeidde som lektor og rektor ved skular i Bergen. Ve var medskipar av Årdal Sogelag 1949 og stod sentralt i arbeidet med bygdebøkene.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2011