Hopp til innhold
X
Innhald

Steinar Hunskår

Steinar Hunskår fødd 1956 i Florø, oppvaksen i Førde, busett i Lindås. Professor i medisin.

Steinar Hunskår fødd 1956 i Florø, oppvaksen i Førde, busett i Lindås. Professor i medisin.

Tok medisinsk embetseksamen i 1982 og seinare studiar i offentleg rett og administrasjon. Doktorgrad i 1987 og professor i almennmedisin ved Universitetet i Bergen frå 1992.

Spesialist i almennmedisin og fastlege i Lindås kommune. Frå 2003 til 2010 var han leiar for forskarlina ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen. Frå 2004 er hovudstillinga hans forskingsleiar ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin, Uni Helse.

Mange publikasjonar

Han har fram til 2010 publisert 350 vitskapelege arbeid, er ein mykje nytta foredragshaldar i inn- og utland, og har gjeve ut læreboka «Almennmedisin» som vert brukt i legeutdanninga i heile Norden (3. utgåve i 2013).

Prisar og tillitsverv

Hunskår var 1999-2002 nestleiar i Nasjonalt råd for spesialistutdanning og legefordeling, og har hatt ulike tillitsverv i nasjonale og internasjonale fagorganisasjonar.

I 1989 vann han Meltzerprisen for unge forskarar ved UiB, har fleire prisar for universitetsaktivitetar, m.a. som beste undervisar ved UiB 1999, og i 2001 Magda og Svend Aage Friederichs mindelegat - ein stor nordisk pris for undervisning, fagutvikling og forsking i almennmedisin.

Internasjonalt arbeid

Hunskår har vore mykje aktiv i internasjonale faglege organisasjonar. Han er medlem i redaksjonen i fleire internasjonale medisinske tidsskrift. I 2008 fekk han Hippocrates-statuen av Polish Society of Family Medicine for sitt arbeid i Polen. Dei seinare åra har han delteke i utviklinga av allmennmedisin i Sudan, og han er «honorary professor» ved Gezira State University i Sudan.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 31.07.2013