Faktaboks

Stian Grimseth
Fødd
24. juli 1972

Stian Grimseth i aksjon i EM i Tyrkia.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Stian Grimseth er ein norsk tidlegare vektløftar som deltok i Olympiske leikar to gongar. Han vart utestengd frå leikane i 2000 etter å ha testa positivt for doping. Grimseth tok EM-gull i rykk og har ti kongepokalar i vektløfting. Han konkurrerte for Tambarskjelvar IL i Naustdal i Sogn og Fjordane.

Meritter

  • Europameister i rykk i +108 kg-klassen 1996 og 1997.
  • Tredjeplass samanlagt i EM 1997, fjerdeplass 1996.
  • OL-kvalifisert i 1996, 2000 og 2004.
  • 12 gull i senior-NM, 10 kongepokalar.

Aktiv karriere

Grimseth var den dominerande vektløftaren i Noreg frå han vann sitt første norske meisterskap i 1993 fram til han la opp på toppnivå etter OL i 2004.

Grimseth slo gjennom med EM-gull i Stavanger i 1996. Han var då Noregs første internasjonale meister i vektløfting sidan Leif Jenssen tok sitt første VM-gull i 1971. Stian Grimseth vart tatt ut til OL tre gongar, men fikk teljande resultat berre éin gong. I 1996 vart han nummer ti samanlagt. I perioden 1995 til 2004 tok han ti kongepokalar på rad.

Grimseth står med dei norske rekordane i tyngste vektklasse for menn, med 195 kilo i rykk og 235 kilo i støt. Begge rekordane er sette i 1999.

Dopingsak

Grimseth vart utestengd frå dei olympiske leikane i 2000 etter at han avla positiv dopingprøve med spor av det anabole steroidet nandrolon. Han forklarte dopingprøva med at kosttilskotet Ribose, som han hadde brukt, måtte vere forureina. I 2001 vart Grimseth utestengd i fem månadar av domsutvalet i Noregs Idrettsforbund. Straffa frå Det internasjonale vektløftarforbundet vart på 15 månadar. Han gjekk seinare til søksmål mot produsenten av kosttilskotet, Universal Nutrition. I 2006 inngjkk partane eit forlik, utan at beløpet er offentleg kjent.

Grimseth deltok i OL i 2004, men vart ståande utan resultat etter at han vart skadd under konkurransen.

Etter karrieren

Grimseth deltok i 2009 i NRK-serien Mesternes Mester, der den tidlegare vektløftaren tok andreplassen bak syklisten Dag Otto Lauritzen. I april 2016 var han leiar for EM i vektløfting då arrangementet vart avvikla i Førde og Naustdal. Frå mars 2019 er Stian Grimseth president i Noregs Vektløftarforbund.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg