Hopp til innhold
X
Innhald

Svein Indrelid

Svein Indrelid fødd 1943 i Aurland. Professor i arkeologi. Tok magistergraden i nordisk arkeologi 1971 og doktorgraden i same fagfelt 1987. Professor i nordisk arkeologi frå 1993 ved Universitetet i Bergen/Bergen Museum, no Universitetsmuseet i Bergen. Oppdragssjef ved Bergen Muséum fram til 2001. Styrar av Dei kulturhistoriske samlingane frå 2011.

Som arkeolog har Indrelid m.a. delteke i store utgravingar på Hardangervidda på 1970-talet og i ei rad store utgravingar i Sogn og Fjordane og elles på Vestlandet. Har delteke i det store utgravingsprosjektet ved Pechora ved Ural i Russland. Har vore gjesteførelesar ved fleire universitet i utlandet.

I tillegg til å ha gjeve ut ei mengd arkeologiske skrifter og bøker, m.a. om kulturminnevern og om den eldste busetnaden i høgfjellet, har Indrelid også skrive fyrste bandet av «Strilesoga», boka ”Arkeologiske undersøkelser i vassdrag” på oppdrag frå Riksantikvaren og ytt bidrag til historiebøker i Hordaland og på Sunnmøre. Han skreiv banda om Flåm i bygdebokserien for Aurland.

Tildelt kulturprisen frå Aurland kommune i 2009.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2012