Hopp til innhold
X
Innhald

Sylfest Lomheim

Sylfest Lomheim. Foto: Erlend Aas, Scanpix.

Sylfest Lomheim. Foto: Erlend Aas, Scanpix.

Sylfest Lomheim fødd 1945 på Hafslo, busett i Kristiansand. Språkforskar og Arbeidarparti-politikar. Cand. phil. frå Universitetet i Oslo 1971. Arbeidde med rekruttering og opplæring av nynorske medarbeidarar i NRK 1974-1977. Nynorsk språkkonsulent i NRK 1980-1994.

Medarbeidar i P2-programmet «Språkteigen» frå 1990. Frå 1977 1. amanuensis i språk ved Høgskolen i Agder, der han var rektor 1988-1992. I 2003 tilsett som direktør for det nyskipa kompetansesenteret for norsk språk, ei stilling han hadde til han gjekk av i 2010.

Som forskar har Lomheim arbeidd mykje med omsetjingsteori, og har skrive fleire fagbøker og artiklar om emnet. Han gav i 2000 ut ein biografi om den nynorske bibelomsetjaren Alexander Sippel (Samlaget), "Språkteigen" (Samlaget 2002), ”Språkreise” (Damm 2007) og ”Tale er gull” (Samlaget 2011).

Han var leiar av Vest-Agder Arbeidarparti i 1996-2002 og medlem av landsstyret i same tidsrom. Var statssekretær i Barne- og familiedepartementet frå mars til oktober i 1997.

Bror til Per Birger Lomheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.09.2011