Hopp til innhold
X
Innhald

Sylvi Lem

Sylvi Lem. Foto: Hildegunn Løken, Fjordenes Tidende.

Sylvi Lem. Foto: Hildegunn Løken, Fjordenes Tidende.

Sylvi Lem fødd 1936 i Ålesund, busett i Måløy. Forretningskvinne og Høgrepolitikar.

Ho har sidan 1972 arbeidd i leiing og styret i familieverksemda Firda Canning Co saman med ektemannen Jan Lem. Var m.a. nestleiar for Høgrekvinnenes Landsforbund 1987-1991 og samstundes medlem i sentraltyret i Høgre.

Sylvi Lem sat i Kringkastingsrådet i åtte år og i styret i Posten i åtte år. Ho har vore styremedlem i Det Norske Luftfartsselskap og leiar i representantskapen i Fokus Bank og Forende Forsikring, styremedlem i Norges Eksportråd. Sylvi Lem har også vore medlem av kontrollkomitéen i NHO og i representantskapen i Norsk Hydro.

Styremedlem i Sogn og Fjordane Teater og Opera Nordfjord.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 15.04.2010