Faktaboks

Synnøve Finden
Fødd
7. desember 1882, Vik, Sogn og Fjordane
Død
6. januar 1957, Oslo
Verke
Meierske og fabrikkeigar
Familie

Foreldre: Bonde og skomakar Lars Johnson Finden (1844–1923) og Brita Friksdotter Brekke (1844–1930).

Ugift.

Synnøve Finden

Bilde frå Norsk biografisk leksikon

Synnøve Finden
Av /NTB Scanpix ※.

Synnøve Finden var ein norsk meieribestyrar og fabrikkeigar.

Saman med Pernille Holmen (1889–1969) starta ho firmaet Synnøve Finden Ostefabrikk i Oslo i 1928 og byrja produksjon av pultost. Ho utvikla nye produksjonsmetodar og eksperimenterte seg blant anna fram til ein smelteost.

Mykje av overskotet i firmaet vart gitt til evangelistar og misjon.

Bakgrunn

Synnøve var fødd på den veglause garden Finden ved Finnafjorden, ein trang arm av Sognefjorden. Ho var tredje yngst i ein syskenflokk på ti. Knapt 18 år gammal reiste ho til Stavanger for å gå på eittårig meieriskule. Ho kom så til Kristiania og arbeidde fleire stader, på meieri, hjå grossistar og i forretningar.

Osteproduksjon

Synnøve Finden og Pernille Holmen
Synnøve Finden (til venstre) og kollega og livsledsagar Pernille Holmen (i midten). Ukjend mann til høgre.
Synnøve Finden
Osteproduksjon på Synnøve Findens ostefabrikk i Danmarks gate 41, cirka 1930.
Av /Oslo Museum.

Omkring 1924 vart Synnøve Finden kjend med enkja Pernille Holmen (1889–1961), og det var starten på ein livslang venskap og forretningssamarbeid. Dei flytta saman. Det var ein huslyd på tre, då Pernille hadde ei dotter, Evy (1915–2002). Dei to byrja med produksjon av pultost frå innkjøpt ostemasse som eit bierverv. Synnøve såg at det var dårleg kvalitet på pultosten som var produsert. Ofte var råstoffet sekunda vare, vilkåra for gjæring var for ustabile og det var for lite reinsemd i produksjonen. I 1928 hadde omsetnaden auka så mykje at dei leigde lokale i Danmarks gate 41.

I 1929 vart Synnøve oppsagd hos grossisten ho arbeidde for. Han aksepterte ikkje at ho bygde opp eit eige firma utanom arbeidstida. Ho gjekk då fullt og heilt inn for ostefabrikken. Pernille stod for det administrative, og frå 1930 hadde dottera Evy hand om rekneskapen. Synnøve utvikla produksjonsmetodar og eksperimenterte seg mellom anna fram til ein smelteost. Etterspurnaden auka, og først i 1930-åra vart produksjonen flytta til Vålerenga, og innan 1937 var seks varebilar stadig på farten med leveringar over heile Sør-Austlandet.

Synnøve vakta på produksjonsmetodane sine. Ein gong jaga ho ein snushane frå meierisamvirket på dør med ein piassavakost. Ho var bråsint og hadde helst eit vanskeleg sinn, eller sagt på ein annan måte: Ho var tøff og sterk og hadde ein vilje av stål.

Religiøs verksemd

Synnøve Finden
Synnøve Finden fotografert omkring 1910–1920.
Av .
Synnøve Finden
Arbeidarar ved Synnøve Finden ostefabrikk, cirka 1930. Synnøve Finden sjølv kan så vidt skimtast i bakgrunnen til venstre. Frå 1930-åra var regelen at det berre var personleg kristne som fekk arbeid i fabrikken, og det vart regelmessig arrangert bønnemøter på fabrikken.
Av /Oslo Museum.

Pernille og Synnøve var båe sterkt religiøse. Dei var med i Menigheten Møllergaten 38, som høyrde inn under De frie venner. Der vart Synnøve døypt. Synnøve og Pernille gav mykje av overskottet til evangelistar og misjon. Dei finansierte såleis mykje av utlegga for to misjonærkvinner i Kina og ei i India, og gav mykje til misjon i Belgisk Kongo. Pengar gjekk òg til pinserørsla i Finnmark. Det stod ei misjonsbørse på kontoret, og på lønningsdagen kom arbeidarane og la pengar på denne. Det vart regelmessig halde bønnemøte på fabrikken.

Synnøve og Pernille delte soverom. Då ein predikant fann ut at dei to delte seng, vart dette påtala. Dei sette då inn to senger i rommet med ein stor kommode mellom. I 1930-åra var regelen at det berre var personleg kristne som fekk arbeid i fabrikken. Dei fleste var pinsevener, nokre høyrde til De frie venner. Evy og mannen hennar, Josef Dahl (1914–1995), som òg arbeidde i firmaet, høyrde til pinselyden Salem.

Frå sist i 1930-åra budde Synnøve og Pernille i eit treetasjes hus på Kjelsås. Dei kjøpte òg opp ein nabobygning. Jentene på fabrikken og styrarinna budde der, kvar på sin vesle hybel. Dei to fann det naturleg at dei skulle ha fullt oversyn over kva jentene dreiv med på fritida. Alle måltider hadde dei hjå Synnøve og Pernille. Husvære og mat var gratis, men løna låg. I helgane vart lastebilane brukte til å frakte arbeidsstokken til bedehus rundt om i bygdene på Austlandet. Då var både predikant, kor og musikarar frå arbeidsstokken. Særleg mange arbeidarar kom frå den vesle bygda Vallset i Hedmark. Der bygde Synnøve og Pernille ei flott og stor tømmerhytte.

Siste år

Under andre verdskrigen gjekk produksjonen sterkt ned på grunn av råstoffmangel, og meir enn 20 arbeidarar miste arbeidet. Berre to var att, Josef Dahl og produksjonsleiaren. Pernille var sliten og trappa ned. Synnøve fekk diabetes, og frå slutten av krigsåra miste ho gradvis synet. Rett etter krigen starta fabrikken opp att, og fleire av dei tidlegare arbeidarane kom tilbake. Evy og Josef Dahl overtok den daglege leiinga. Synnøve og Pernille var ikkje lenger med i drifta, men hadde likevel overoppsyn frå husværet sitt på Kjelsås. Dei oppretta arvepakt, og då Synnøve døydde først, arva Pernille alt.

Arva etter Synnøve Finden

Evy og Josef Dahl fekk to søner, Håkon Dahl og forfattaren Tor Edvin Dahl. Tor Edvin Dahl har kalla dei to for «dronningar» og seier at han ikkje kom ut av deira maktområde før han var godt vaksen. Han har brukt miljøet kring fabrikken og pinserørsla i romanane Guds tjener og Renate.

Firmaet var eigd av familien til Dag Swanstrøm kjøpte det 1987. Synnøve Finden ASA har framleis hovudkontor i Oslo, men produksjonen skjer no ved fabrikkar i Enebakk og Alvdal.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Balvoll, Gudmund: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Stadheim, Åslaug med fleire: «Eventyret om bondejenta som vart forretningsdame i Oslo», i Pridlao nr. 2/1996
  • Sæbø, Arne Inge: «Kvinna bak osteeventyret», i Sogn Avis 27. mars 1999

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg