Hopp til innhold

Alf Torp

Alf Torp, språkforskar. Han gav ut etymologiske ordbøker for dansk og nynorsk, og skreiv om lite kjende, utdøydde språk.

Les meir om Alf Torp

Bjarne Tormodsgard

Bjarne Tormodsgard, adjunkt, journalist og redaktør i avisa Hallingdølen frå 1999 til 2016. Hallingdølen er blitt kåra til Årets lokalavis fire gonger med Tormodsgard som redaktør.

Les meir om Bjarne Tormodsgard

Finn Tokvam

Finn Tokvam, artist og programmedarbeidar i NRK. Han er blitt ei original røyst i norsk journalistikk og underhaldning, med evne til å overraske der ein ventar det minst.

Les meir om Finn Tokvam

Geirr Tveitt

Geirr Tveitt, komponist, pianist og musikkteoretikar som skapte noko av det mest originale innanfor norsk musikk i det førre hundreåret.
Les meir om Geirr Tveitt

Inga Tusvik

Inga Lovise Tusvik, lektor, rektor og Venstre-politikar. Skuletimane kunne vere meir prega av aktuelle samfunns- og livsspørsmål enn av pensum.

Les meir om Inga Tusvik

Jahn Teigen

Jahn Teigen

Jahn Teigen er songar, popartist og komponist. Teigen har delteke fjorten gongar i Melodi Grand Prix i Noreg og tre gongar i den internasjonale finalen. Han var vunne ei rekkje prisar.

Les meir om Jahn Teigen

Jarle Trå

Jarle Trå, fjellklatrar og turoperatør. I 2009 overlevde han to døgn nær toppen av Mount Everest, utan å kome opp på sjølve toppunktet.

Les meir om Jarle Trå

Justin Trudeau

Justin Trudeau

Justin Trudeau er statsminister i Canada og leiar av det liberale partiet. Optimismen han tok med seg inn i partiet då han blei partileiar i 2013, sikra dei liberale valsiger ved parlamentsvalet i 2015.

Les meir om Justin Trudeau

Knut Erik Tranøy

Knut Erik Tranøy, filosof. Han gjekk spaserturar med Wittgenstein i Cambridge, var professor i filosofi i Bergen og grunnla Senter for medisinsk etikk i Oslo.

Les meir om Knut Erik Tranøy

Lars Tvinde

Lars Tvinde, tydeleg og allsidig skodespelar som 2. januar 1913 hadde opningsreplikken i Ervingen av Ivar Aasen, det aller første stykket som vart oppført av Det Norske Teatret.

Les meir om Lars Tvinde

Lev Tolstoj

Lev Tolstoj

Lev Nikolajevitsj Tolstoj, russisk forfattar og tenkjar. Han er særleg kjend for Krig og fred og Anna Karenina, to hovudverk innanfor realistisk romankunst. Han utvikla òg ein eigen ikkje-valdsfilosofi.

Les meir om Lev Tolstoj

Marit Tusvik

Marit Tusvik

Marit Tusvik, stilsikker forfattar med stor variasjon i tema og sjangrar. Ho er ei av dei få i landet som skriv ny scenedramatikk, og stykka hennar er oppførte ved fleire norske og utanlandske teater.

Les meir om Marit Tusvik

Mor Teresa

Mor Teresa

Mor Teresa, albansk nonne. Ho oppheldt seg hovudsakleg i India og arbeidde med fattige i slummen i Calcutta. I 1950 grunnla ho ein hjelpeorganisasjon registrert av Vatikanet som ein eigen orden som arbeider i store deler av verda.

Les meir om Mor Teresa

Olemic Thommessen

Olemic Thommessen

Olaf Michael Thommessen frå Lillehammer er for perioden 2013–17 vald til stortingspresident, den høgaste posisjonen i Noreg nest etter kongen. Han representerer partiet Høgre og har vore vald inn på Stortinget frå Oppland sidan 2001.

Les meir om Olemic Thommessen

Rolv Thesen

Rolv Thesen, litteraturforskar og litteraturkritikar, og ein av dei mest markante og mest respekterte litteraturformidlarane på 1900-talet. Han skreiv ei rekkje bøker og artiklar og var ein sentral maktperson i det litterære miljøet. Thesen var statsstipendiat.

Les meir om Rolv Thesen

Svein Tindberg

Svein Randor Tindberg, skodespelar som har tolka allsidige roller. Frå 1990-åra har han hatt stor suksess med å framføre og formidle bibeltekstar på scenen, med framsyninga Abrahams barn i 2011–12 inkluderer det òg Koranen.

Les meir om Svein Tindberg

Torvald Tu

Torvald Tu, ein allsidig og flittig forfattar, som skreiv skodespel, romanar, forteljingar, stubbar, eventyr og dikt, ofte på eit sterkt jærfarga nynorsk og med ein folkeleg humor.

Les meir om Torvald Tu