Hopp til innhold
X
Innhald

Alan Mathison Turing

Alan Mathison Turing, 1912–54, britisk matematikar som spesielt arbeidde innanfor matematisk logikk. I 1936 skreiv han ei avhandling som inneheld den grunnleggjande matematiske teorien for datamaskiner. Under den andre verdskrigen utvikla han reknemaskiner. Seinare var han med på utviklinga av dei første elektroniske datamaskinene.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012