Hopp til innhold
X
Innhald

Alf Torp

Alf Torp, språkforskar. Han gav ut etymologiske ordbøker for dansk og nynorsk, og skreiv om lite kjende, utdøydde språk.

Torp var fødd i Stryn 27. september 1853 og døydde i Kristiania 26. september 1916. Han tok språkleg-historisk lærareksamen ved universitetet i Kristiania i 1877 med faga latin og gresk, norsk og tysk. I 1880 tok han doktorgraden i Leipzig på ei samanlikning av bøyingsmønster i sanskrit og det mellomindiske språket pali. Frå 1894 var han professor i sanskrit og samanliknande språkvitskap ved universitetet i Kristiania.
Han arbeidde særleg med indoeuropeisk språkhistorie og med tyding av inskripsjonar på lite kjende, utdøydde språk, som etruskisk, frygisk, hettittisk, lykisk og venetisk. Saman med Hjalmar Falk gav han 1903–06 ut Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog (utvida tysk utgåve 1910), og 1915–19 følgde Nynorsk etymologisk ordbok med Torp som eineforfattar, men med hjelp frå Falk og Marius Hægstad i siste delen. Saman med Hægstad gav Torp i 1909 ut Gamalnorsk ordbok med nynorsk tyding. Bøkene kom i nye utgåver, reviderte eller ureviderte, og blir nytta den dag i dag. Privat skreiv han gjerne både gammalnorsk og latin, og på latin gav han i 1896 ut ei lita samling dikt.
Torp var formann i rettskrivingskomiteen av 1913, som førebudde 1917-rettskrivinga. Då Torp døydde, tok Falk over. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1886 og var òg medlem av vitskapsakademi i Danmark, Sverige og Italia. I 1906 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
 
Kjelder
A. Turpilii Poemata Pauca. Christianiae 1896
Hjalmar Falk: «Alf Torp», Maal og Minne 1917
Gerhard Gran: «Alf Torp», i Norsk aandsliv i hundrede aar, bd. 3. Kristiania 1919
Hjalmar Falk og Alf Torp: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog. Oslo 1994
Ernst Håkon Jahr: «Alf Torp», Norsk biografisk leksikon, bd. 9. Oslo 2005
A. Sommerfeldt: «En norsk språkforsker: Alf Torp». Samtiden, 1962
Chr.S. Stang: «Torp, Alf», Norsk biografisk leksikon, bd. 16. Oslo 1969
Alf Torp: Nynorsk etymologisk ordbok. Oslo 1992
Kjell Venås: «Språkvitskapleg arbeid med norsk i 1905 og tidlegare», Språknytt nr. 1–2/2005
Studenterne fra 1871. Christiania 1896
Studenterne fra 1871. Kristiania 1921
Peikarar

Først publisert: 21.11.2011
Sist oppdatert: 01.08.2018