Innhald
Anders Todal
Anders Arnson Todal, skuledirektør og mållagsleiar.
Todal var fødd i Valsøyfjord 18. mars 1883 og døydde 6. mars 1956. Han tok eksamen ved Levanger lærarskule i 1904 og arbeidde som lærar i Åsen 1905–33. Etter dette blei han skuledirektør i Trondheim 1933–43 og 1945–53.
Han var ordførar i Åsen 1920–22 og 1926–31 og stortingsrepresentant (V) for Nord-Trøndelag 1931–33.
Todal var formann i Noregs Mållag 1932–36 og fekk Kongens fortenestmedalje i gull.
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Først publisert: 06.06.2009
Sist oppdatert: 23.09.2013
Sist oppdatert: 23.09.2013