Hopp til innhold
Ane Dahl Torp, frå framsyninga Antichrist på Det Norske Teatret. Foto: Dag Jenssen/ Det norske teatret
Ane Dahl Torp, frå framsyninga Antichrist på Det Norske Teatret. Foto: Dag Jenssen/ Det norske teatret
X
Innhald

Ane Dahl Torp

Ane Dahl Torp, norsk skodespelar. Ho har nådd breitt ut til publikum gjennom teater, fjernsyn og film.

Ane Dahl Torp er fødd 1. august 1975 i Bærum og bur i Oslo. Ho var elev ved Oslo katedralskole (1991–94) før ho tok skodespelarutdanning ved Statens Teaterhøgskole (1996–99).

Frå 1999 til 2001 var ho tilsett ved Teateret Vårt i Molde. Der spela ho mellom anna hovudrolla i Hedda Gabler. Sidan 2002 har ho vore fast tilsett ved Det Norske Teatret i Oslo. Ho hadde fleire roller i August Strindbergs Eit draumspel (2004), og ho spela rolla som Siss i Is-slottet av Tarjei Vesaas (2005) og Margaret i Katt på heitt blekktak av Tennessee Williams (2007). I 2013 spela Dahl Torp den kvinnelege hovudrolla i Antichrist av Lars von Trier. Same året hadde Haugtussa premiere, med Dahl og komponist og trompetist Sjur Miljeteig si tolking av Arne Garborg sin diktsyklus.

Dahl Torp starta filmkarrieren sin med Kvinnen i mitt liv (2003). Ho har spela hovudroller i fjernsynsseriane Kodenavn Hunter (2007–08), Okkupert (2015) og Heimebane (2018), samt filmar som Lønsj (2008) og Uro (2009). Ho hauste mykje god kritikk for rolla i den norske katastrofefilmen Bølgen (2015). I 2003 spela ho den unge Suzannah Ibsen i filmen Suzannah, med filmmanus av Jon Fosse. 

I framsyninga «Solaris Korrigert» på Det Norske Teatret (2015) snakkar rollefiguren hennar Aig framtidsnynorsk. Sjå video under:

Rollene Dahl Torp spelar, er gjerne viljesterke kvinner. Ho har vunne fleire prisar for tolkingane sine. Ho fekk Amandaprisen som beste kvinnelege skodespelar for rolla som Trude Eriksen i fjernsynsserien Svarte penger, hvite løgner (2004) og for rolla som Nina Skåtøy i filmen Gymnaslærer Pedersen (2006). I 2007 vann Dahl Torp Gullruten for hovudrolla i fjernsynsserien Kodenavn Hunter, og ho vann Gullruten i 2018 for hovudrolla i fjernsynsserien Heimebane. Dahl Torp fekk Heddaprisen i 2012 for rolla som Shui-ta i stykket Det gode mennesket frå Sezuan og i 2016 for rolla som Aig i stykket Solaris korrigert. I 2014 fekk ho Aksel Waldemars minnepris for innsatsen sin for nynorsk som scenespråk, og i 2015 mottok ho Wenche Foss' Ærespris.

Kjelder

Ane Dahl Torp, filmweb.no: http://www.filmweb.no/profil/article211637.ece [lesedato 11.2.2013]

Ane Dahl Torp, imdb.com: http://www.imdb.com/name/nm1335996/ [lesedato 13.2.2013]

Elise Hellem Rattvik: «Ane Dahl Torp hedret for 'drømmeprosjekt'», nrk.no: http://www.nrk.no/kultur-og-underholdning/1.10899885 [lesedato 17.2.2013]

Peikarar

Rolleoversikt hos Det Norske Teatret

Aksel Waldemars minnepris (nynorskprisen) til Ane Dahl Torp

Marthine Elise Øhre Skaug: «Vi har møtt Ane Dahl Torp», inmagasinet.no

Først publisert: 02.07.2013
Sist oppdatert: 18.05.2018