Hopp til innhold
Anette Trettebergstuen. Foto: Stortinget.
Anette Trettebergstuen. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Anette Trettebergstuen

Anette Trettebergstuen, politikar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Hedmark sidan 2005 og ein av dei yngste som er blitt vald inn på Stortinget.

Anette Trettebergstuen er fødd 25. mai 1981 på Hamar i Hedmark. Ho tok vidaregåande ved Hamar katedralskole i 1997–2000, grunnfag i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 2000–01, studerte offentleg styring ved Høgskolen i Oslo i 2002–03 og held på med ein mastergrad i rettsvitskap ved Universitet i Oslo (2014–17).

Ho har arbeidd som prosjektmedarbeidar i Europeisk Ungdom i 2000–02, var fylkessekretær i Hedmark AUF i 2002 og politisk rådgivar for stortingsgruppa til Arbeidarpartiet i 2003–05, før ho blei vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Hedmark i 2005.

Trettebergstuen melde seg inn i AUF som 13-åring, og ho var kommunestyrerepresentant for Ap i bystyret i Hamar i 1999–2005 og medlem av formannskapet i 2003–05. I 2002–04 var ho leiar i Hedmark AUF og i 2004–06 sentralstyremedlem i AUF. Frå 2004 var ho nestleiar i Hedmark Ap og frå 2009 medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet.

På Stortinget var ho medlem av utanrikskomiteen i den første perioden sin, andre nestleiar i arbeids- og sosialkomiteen i 2009–13, medlem i same komité i 2013–15 og er andre nestleiar i familie- og kulturkomiteen i 2015–17. Politisk arbeider ho særleg for likestilling i arbeidslivet, for kultur og for europeisk samarbeid.

Trettebergstuen har hatt fleire administrative verv og tillitsverv. Ho var leiar av Hedmark Europeisk Ungdom i 1998–2000, medlem av sentralstyret til Europeisk Ungdom i 2000–01 og politisk nestleiar i organisasjonen i 2001–02. Ho sat i styret for Europabevegelsen i 2007–09, og frå 2015 er ho medlem av styret for Hamar Energi Holding.

Kjelder

Anette Trettebergstuen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=ATR [lesedato 28.2.2016]

Anette Trettebergstuen på linkedin.com: https://www.linkedin.com/in/trettebergstuen-anette-a3307a2 [lesedato 29.2.2016]

Peikarar

Angelica Hagen: «Trettebergstuen: – Kvinner må betale prisen for søndagsåpent», vg.no

Linn Kristin B. Nordseth: «Kontorsurferen Trettebergstuen», gaysir.no

Først publisert: 10.03.2017
Sist oppdatert: 10.03.2017