Faktaboks

Anne Beathe Tvinnereim

Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Fødd
22. mai 1974, Halden, Østfold
Anne Beathe Tvinnereim
Av /NTB.

Anne Beathe Tvinnereim er ein norsk diplomat og politikar for Senterpartiet. Ho er nestleiar i Senterpartiet sidan 2014. Ho er utviklingsminister i Regjeringa Støre sidan 2021. Som statsråd har Tvinnereim også ansvar for nordisk samarbeid.

Bakgrunn

Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim er fødd i Halden. Ho var utviklingsstudent på New Zealand i 1992–1993, studerte språk og statsvitskap i Ecuador, Portugal og Costa Rica i 1996–1998 og blei cand.mag. frå Universitetet i Oslo i 2003, med faga statsvitskap, spansk og portugisisk. I 2005–2007 tok ho Utanriksdepartementets aspirantkurs, og ho tok mastergrad i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 2008.

Politisk karriere

Tvinnereim var medlem av politisk utval i Senterungdommen i 1996–1998, internasjonal leiar i 1998–2000 og leiar av Senterungdommen i 2000–2002. Ho var politisk sekretær i Senterpartiets hovudorganisasjon i 1998–2000. Tvinnereim var stortingskandidat for Senterpartiet i Østfold ved stortingsvalet i 2001, men vart ikkje vald inn. Ho var politisk rådgivar for stortingsgruppa til Senterpartiet i 2002–2005.

Tvinnereim var førstekonsulent ved WTO-seksjonen (seksjonen for handelspolitikk og WTO) i Utanriksdepartementet i 2005–2006 og ambassadesekretær ved den norske ambassaden i Maputo i Mosambik i 2007–2011. I 2011–2013 var ho statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet, og frå 2013 arbeider ho i Utanriksdepartementet, i Midt-Austen-seksjonen.

Tvinnereim blei vald inn i sentralstyret i Senterpartiet i 2013. På det ekstraordinære landsmøtet til Senterpartiet i april 2014 tapte Tvinnereim kampvoteringa om vervet som 1. nestleiar mot Ola Borten Moe, og ho blei vald til 2. nestleiar. Frå 2020 til 2021 var hun fylkesråd for klima og miljø i Viken. Tvinnereim er sidan 2021 utviklingsminister i Utanriksdepartementet i Regjeringa Støre.

Anne Beathe Tvinnereim blir sett på som ein lagspelar og organisasjonsbyggjar. Ho har som mål å samle partiet og nå ut til nye veljarar i tettbygde strøk, og ho vil ha ein meir kritisk politikk når det gjeld forholdet til EU og EØS.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg