Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Anne Karin Torheim

Anne Karin Torheim, forfattar og kritikar. Ho er ein innfallsrik og kresen og opposisjonell forfattar som vrir på og undergrev klisjéspråk og seiemåtar og går nye vegar i lyrikk og prosa.

Torheim er fødd 12. mai 1953 i Bergen, voks opp i Eid i Nordfjord og bur i Stavanger. Ho har hatt engasjement som skodespelar ved Den Nationale Scene, Sogn og Fjordane Teater, Riksteatret og Rogaland Teater og hatt ulike andre jobbar, vore miljøarbeidar, jordbærplukkar m.a. Ho har skrive både lyrikk og prosa og debuterte som forfattar med diktsamlinga Tida er verken ute eller inne, 1990.
 
Anne Karin Torheim har også skrive i antologiar for barn og er representert i læreverk for grunnskulen og vidaregåande skule. Ho er kritikar og omsetjar, held skrivekurs og er medlem av Det litterære Råd i Den norske Forfatterforening.
 
Ho har omsett til nynorsk romanane Nesten evig (2008) og Alle min kjære (2004) av den amerikanske forfattaren Alice Sebold.
 
Språkkritisk modernist
I lyrikken er Anne Karin Torheim ein språkmedviten og språkkritisk modernist.
Dei tre første diktbøkene utgjer ein trilogi, Ferskentrilogien, som ved sida av debutboka omfattar Huset på halvvegen, 1993, og Ferskentransporten. Memoranda, 1996. Tema i desse bøkene er eksistensielle spørsmål, tida som kjem og går, staden og rommet vi lever i, om å vere bunden og fri, om å sanse verda rundt seg.
 
Dikta er utforskande, kjølige og konstaterande og kan ha slåande og dristige koplingar mellom orda. Utrykket er knapt og reinskore og lite tolkande. Her er orda sjølvstendige fenomen som viser fram nye og uventa meiningar. Det finst inga gitt røynd, seier dikta, røynda må stadig søkjast og innhentast gjennom språket.
 
Prosabobler
Det Nasjonale Boblegalleri, 2000, er ei samling kortprosa, skisser eller fragment som forfattaren har kalla «prosabobler». Boka er full av ironiske og sarkastiske vriar på fenomen i det norske kulturlivet og på litterære figurar, t.d. frå Ibsen, og på nasjonale mytar, ordtak og seiemåtar, som er «bobler» i det norske medvitet.
 
Nasjonale ikonar som Roald Amundsen og Kåre Willoch, Dag Solstad og fleire er kommenterte. Og forfattaren refererer gjerne med underliggjande humor til typiske norske rekvisittar, som tran, linjeakevitt og Firkløver frå Freia.
 
Kvar «boble» inneheld scener, realistiske eller surrealistiske, som til saman dannar eit slags poetisk portrett av ei kvinne kalla Irene og det norske samfunnet frå 1950-talet og fram i tusenårsskiftet.
 
Anna Karin Torheim er ein forfattar som opponerer mot etablerte sanningar og seiemåtar. Via klisjear og bilete som er snudde på, kan dikta vise nye sider av røyndommen.
 
Annleis roman
Anne Karin Torheim er best kjend som lyrikar, men etter tre diktsamlingar og ei prosabok kom den originale romanen Kven er redd for Sonja Henie? i 2002. Dette er ei humoristisk og burlesk bok om kunsten og livet fortald av ei kvinne som driv kunstløp og vev bilete og har Sonja Henie som ideal.
 
Sonja Henie, kunstløparen, filmstjerna, forretningskvinna og kunstsamlaren, er den store helten i historia. Etter kvart viser det seg morosame parallellar mellom Sonja Henie og eg-personen sitt eige liv. Ho er kunstløpar og vev bilete av den typen som kan stillast ut på Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden, og ho kallar bileta sine «Flukt», «Fall» og «Svev». Dette er omgrep som gjeld for både kunsten og livet.
 
Boka er full av små innfall og anekdotar og overraskande poeng om kvarandre.
Etter kvart får vi bilete av ei ungjente som gjerne har villa gå sine eigne vegar, og av eit traust samfunn som favoriserer den jamne slitaren og ikkje den som vil satse på kunsten.
 
Lunden-tradisjonen
Krinsinga om kropp, sansing og språk og det tilbakehaldne og nøkterne poetiske uttrykket gjer Anne Karin Torheim til ein deltakar i lyrikktradisjonen etter Eldrid Lunden. I det poetiske undergravingsarbeidet og språkkritikken går det også trådar til lyrikken til Georg Johannesen.
 
Kjelder
Anne Catrine Straume i Kulturnytt NRK P2, 16.12.2002

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 04.09.2013