Hopp til innhold
X
Innhald

Arve Tellefsen

Arve Tellefsen er fiolinist. Han er ein av Noregs fremste musikarar.

Arve Tellefsen, fødd 1936 i Trondheim, er fiolinist.
Tellefsen har studert i både København og New York og debuterte i Oslo i 1959.
Tellefsen er rekna som ein av dei aller fremste utøvarane i Noreg. Han var konsertmeister i Wiener Symphoniker i 1977–83 og verka som professor ved Noregs musikkhøgskule i 1973–74 og 1983–92.
Tellefsen har opptredd som solist over heile Europa, i USA og i Kina. I 1989 tok han initiativet til Oslo Kammermusikkfestival, og i 1995–96 var han kunstnarisk leiar for Trondheim Symfoniorkester. Han har spelt saman med Knutsen og Ludvigsen og er også kjend for si tolking av norske folketonar.
Arve Tellefsen har vunne ei rekkje prisar og utmerkingar. Mellom anna Prinsesse Astrids musikkpris (1956), Harriet Cohens pris (1962), Kritikarprisen (1969), Grieg-prisen (1973), Spellemannprisen (1977), Norsk Kulturråds Ærespris (1996), Ole Bull-prisen (2004) og Anders Jahres kulturpris (2007).

Arve Tellefsen er kommandør med stjerne av St.Olavs orden  (2005)
Sjå og høyr Arve Tellefsen spele verk av Ole Bull, i samband med 200-årsjubileet til Bull i 2010. Opptaka er gjort på Lysøen, Bergen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 11.02.2014