Hopp til innhold
X
Innhald

Åse Teigland

Åse Teigland, hardingfelespelar frå Hardanger med nye tilnærmingar til tradisjonell musikk.

Åse Teigland er fødd 1. november 1975 på Utne i Hardanger, og ho arbeider i dag som frilansmusikar med base i Bergen. Den viktigaste læraren hennar har vore Knut Hamre. Ho gjekk folkemusikklina ved Fagernes vidaregåande skule, og deretter har ho studert ved Folkemusikkakademiet i Rauland (1994–96), Høgskulen i Bergen og Ole Bull-akademiet på Voss («spelemannsskulen») (1998–2000). Ho heldt debutkonsert i Granvin i 1997. I 2005 vann ho A-klassa på landskappleiken, som første kvinne på 45 år.
Teigland har gitt ut soloplatene Dansarsteinen (1998) og Stille (2008). Vidare utgjer ho saman med Knut Hamre og Frank Rolland Trio Hardanger, som har gitt ut Håstabøslåttar (1999) og I Halldors ånd (2003). Saman med Camilla Granlien og Tone Juve har ho gitt ut plata Skrekk (2004), og saman med Synnøve Bjørset og Anne Hytta har ho danna trioen Dei beste damene, som i 2010 gav ut plata Soli. Ho har vore norsk representant i Det europeiske folkemusikkorkesteret (2001–03).
Repertoaret til Teigland består primært av eldre tradisjonsstoff frå Hardanger og Voss, gjerne i mindre kjende utformingar. Repertoaret sitt har ho tileigna seg ikkje berre gjennom personleg overlevering, men òg frå eldre lydopptak og nedteikningar. Ho har argumentert for at folkemusikkutøvarar må sjå på seg sjølve primært som musikarar og ikkje som representantar for ein kulturarv.
Kjelder
Bodil Garvik: «Debut utan Bunad», Bergens tidende 20.1.1999
Åse Teigland, biografi hos folkemusikk.no, http://www.folkemusikk.no/teigland-ase.4646131-146036.html [lesedato 26.08.2011]

Først publisert: 31.12.2011
Sist oppdatert: 25.04.2013